Sylvi listhaug hareid foto marius
LAGT MERKE TIL: Parti-leiar Sylvi Listhaug fekk høyre at partiet sine politiske gjennomslag mellom anna for maritime næringar, var lagt merke til på Nordvestlandet. Her får eit besøk på Hareid med mellom anna Ulstein-ordførar Knut-Erik Engh og Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Frp vil framleis «trå til» for maritim næring

CO2-avgift, nettolønnsordninga og formueskatt står på dagsorden framover for Sylvi Listhaug.

Marius Rosbach
14.05.2021

Sjå sendinga på Youtube under i saka

Fleire representantar frå næringslivet roste innsatsen Framstegspartiet har lagt ned for sentrale bransjar i Møre og Romsdal, under ei digital valutspørring i regi av NHO Møre og Romsdal.

Partiet har fleire gonger vore med å auka krisepakkane i Stortinget, og sikra mellom anna vidareføring av ei styrka nettolønnsordning tidlegare i år.

– Vi er definitivt klare for å trå til igjen, svara Sylvi Listhaug på ei utfordring frå Arnfinn Ingjerd frå Maritimt Forum Nordvest, som var uroa over forslag om endringar både på nettolønnsordninga og permisjonstida.

Partileiaren og listetoppen forsikra om spesielt nettolønnsordninga vil vere ei viktig sak framover.

(saka held fram under)

Frp nho møre romsdal skjermdump 11
DIGITALT MØTE: Sylvi Listhaug stilte til den digitale utspørringa i regi av NHO Møre og Romsdal, saman med Jan Steinar Engeli Johansen frå Kristiansund og Anne Marie Fiksdal frå Vestnes. Skjermdump: Teams-møte

Åtvara mot «misunnings-retorikk om formueskatt
Sylvi Listhaug påpeika at det viktigaste for partiet var å senke skattar og avgifter, som også vil kome næringslivet til gode. Lågare formueskatt er ei av sakene som står øvst på dagsorden for partiet.

– Vi må slutte å legge til rette for at det blir meir attraktivt for russarar og kinesarar å kjøpe norske bedrifter, sa Listhaug, som likevel ikkje hadde håp om å få til større endringar i diskusjonen kring revidert nasjonalbudsjett.

Ho åtvara også mot det ho kalla «misunnings-retorikk» i debatten kring formueskatten.

– Det er folk som jobbar døgnet rundt, året rundt, for å klare å skaffe nok inntekter og arbeid til sine tilsette, la ho til.

CO2-avgift ein «særnorsk skatt»
CO2-avgift er eit ann felt som Listhaug lova at partiet ville kjempe mot forslaget frå regjeringa.

– Ei tredobling av CO-avgifta er valdsamt, og vi er veldig bekymra for korleis dette vil slå ut. Og at det vil føre ti at norske industriarbeidsplassar blir flagga ut.

Ho meiner at ein med forslaget til regjeringa var i ferd med å innføre ei «særnorsk skatt», som ville svekke konkurransekrafta til næringslivet mot utlandet.

Politikarane kan ikkje vedta ny teknologi
Sylvi Listhaug

– Staten skal stille opp
Partileiar Listhaug trekte fram at det går eit skilje i politikken mellom kor mykje av statens midlar dei ulike partia vil nytte i næringspolitikken.

– Staten skal stille opp og bidra til å legge til rette, men det viktigaste er at privatpersonar vil bruke sine pengar på å skape noko, sa ho: – Politikarane kan ikkje vedta ny teknologi. Det må næringslivet skape sjølve, la Listhaug til.

Fp-toppen åtvara også mot den kritiske haldninga fleire parti har til olje- og gassindustrien.

Nho møre og romsdal digitale valgmøter skjermdump 2222
FØRST UT: NHO Møre og Romsdal samarbeidar mellom anna med LO og ulike næringsforeiningar i valkampsatsinga. Høgre vcar først ut, og neste veke står Kristeleg Folkeparti og Venstre/MDG/Raudt for tur. Skjermdump: Teams-møte

Meiner Eksportvegen og Strynefjellet er viktigast
Listetoppane blei også utfordra på samferdsel. Det er ei kjent sak at Frp ikkje vil prioritere Møreaksen i Nasjonal Transportplan, slik regjeringa gjer.

Listhaug påpeika at dei både ville vurdere Romsdalsaksen som alternativ trasé og framleis ferjedrift. Ho hadde ikkje noko tru på at fylket kunne vente særleg med midlar til andre prosjekt, om Møreaksen blir bygd.

– Det viktigaste for Møre og Romsdal er å få gjort noko med eksportvegen gjennom Romsdalen, men også Strynefjellsvegen er veldig viktig for søre Sunnmøre, og for at vi skal få varene ut på marknaden, la ho til.

Sjå sendinga på Youtube under

Les saker frå tidlegare partiutspørringar:

Sjå sendinga på Youtube:

Publisert: 14.05.2021 15:02

Sist oppdatert: 06.06.2021 14:29

Mer om