- Det må verte slutt å snakke ned yrkesfag. Altfor ofte har vi høyrt lærarar som seier til elevar at dei kan kome tilbake til almennfag, om dei angrar på eit yrkesfagval, og at dei ikkje vil tape på dette.
- Kva i alle dagar! Det er vel ikkje eit tap at ein elev har lært seg litt yrkesfag? Dette er ein fordel.
- Alle treng noko basis i botn, både basisfaga og i form av god moral og gode haldningar.
- Men så må vi spesialisere oss og opparbeide spisskompetanse på ulike område.
- Bilmekanikarar treng kanskje ikkje å lære seg diktanalyse i skulen. Endåtil på engelsk, sa Gunvor Ulstein, til applaus frå salen.
Ho meinte at god realkompetanse kombinert med god fagutdanning var ein uslåeleg kombinasjon.
- Når vi får til dette, er vi best i verda.
- Evig endring er vårt motto. Om vi ikkje alltid søkjer endring, oppsøkjer nye og spennande miljø, så stagnerer vi.
Ho var storleg imponert over 20-åringar som no held foredrag på Oslo Innovation Week og andre fora, og har ein enorm kunnskap om data og ny teknologi.
- Slike ungdomar må vi få tak i. Det nyttar ikkje med meg. Eg fekk min første telefon som 25-åring.
- Det må verte slutt å tenkje kjønn.
- Det interessante er kva evne, vilje og haldning den enkelte har. For oss er kjønn uinteressant.
- Kva i alle dagar! Det er vel ikkje eit tap at ein elev har lært seg litt yrkesfag? Dette er ein fordel.
Alle treng ein basis
Under Norsk Industri og Mafoss (Maritim forening for søre Sunnmøre) sin yrkesfagkonferanse i Ulsteinvik tysdag slo Ulstein-direktøren eit slag for fagarbeidarane og lærlingeordninga.- Alle treng noko basis i botn, både basisfaga og i form av god moral og gode haldningar.
- Men så må vi spesialisere oss og opparbeide spisskompetanse på ulike område.
- Bilmekanikarar treng kanskje ikkje å lære seg diktanalyse i skulen. Endåtil på engelsk, sa Gunvor Ulstein, til applaus frå salen.
Ho meinte at god realkompetanse kombinert med god fagutdanning var ein uslåeleg kombinasjon.
- Når vi får til dette, er vi best i verda.
Evig endring
Ho meinte at det var avgjerande for Norge å ha eit samfunn der det vart tilrettelagt for livslang læring.- Evig endring er vårt motto. Om vi ikkje alltid søkjer endring, oppsøkjer nye og spennande miljø, så stagnerer vi.
Ho var storleg imponert over 20-åringar som no held foredrag på Oslo Innovation Week og andre fora, og har ein enorm kunnskap om data og ny teknologi.
- Slike ungdomar må vi få tak i. Det nyttar ikkje med meg. Eg fekk min første telefon som 25-åring.
- Kjønn er uinteressant
Ulstein appellerte også sterkt til forsamlinga om å slutte å sjå på skipsverfta og den maritime næringa som mannlege arbeidsplassar.- Det må verte slutt å tenkje kjønn.
- Det interessante er kva evne, vilje og haldning den enkelte har. For oss er kjønn uinteressant.
Det interessante er kva evne, vilje og haldning den enkelte har. For oss er kjønn uinteressant.
Publisert: 13.10.2015 17:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48