Bjorli Skisenter mars 2025
HADDE SNØ, MANGLA FOLK: I mars var det godt med snø i anlegget til Bjorli Skisenter, men med snømangel og gryande vår i låglandet svikta besøket både i mars og april. Foto: Bjorli Sksenter.
Nytt

Treng raskt avklaring på Bjorli

Det hastar med å få godkjent stolheisa på Bjorli for 15 nye år. Konkurs har sett arbeidet på vent.

19.05.2025

Ei interessegruppe med aksjonærar i konkursråka Bjorli Skisenter og selskapa Bjorli Skisenter Holding og Bjorli Utvikling arbeider med å sjå om det er grunnlag for å legge inn eit bod på buet i Bjorli Skisenter.

Det stadfestar Sverre Sellæg Tysland, som var styreleiar i Bjorli Skisenter og er styreleiar i Bjorli Skisenter Holding. Holdingselskapet var eigar av Bjorli Skisenter.

Bjorli Skisenter dreiv og eigde skiheis- og skitrekkanlegget på Bjorli, som melde oppbod tidlegare i mai med 40 millionar kroner i gjeld.

Arbeidet skulle starte i sommar
Kombinasjonen av høg gjeld og stor inntektssvikt i mars og april er årsaka til at styret i Bjorli Skisenter melde oppbod.

Ifølgje Sellæg Tysland er det ikkje er ein konkret tidsfrist for å få ei avklaring om vidare drift, men at det likevel hastar.

Grunnen er at Bjorli Skisenter skulle gjennomføre ei omfattande revisjon av den store stolheisa, for å sikre godkjenning av anlegget for 15 år framover. Utan den stolheisa er det tvilsamt om det er grunnlag for drift av skianlegget på Bjorli, etter Sellæg Tysland si vurdering.

Kva som måtte gjerast av reparasjonar og vedlikehald for å få fornye godkjenning var kartlagt og arbeidet planlagt. 

Finansieringa var på plass og jobben skulle starte og fullførast i sommar. Men alt vart sett på vent då inntektene svikta. Den som eventuelt tek over for å drive vidare, treng den same godkjenninga som Bjorli Skiheiser måtte ha.

Hytteeigarar og investorar frå Nordvestlandet
Bjorli er eit populært hytteområde både for folk frå Ålesund- og Moldeområdet, mellom dei kjente personar frå næringslivet i regionen. I selskapa Bjorli Utvikling og Bjorli Skisenter Holding er det er det i stor grad dei same personane som sit som eigarar.

Bjorli Utvikling vart stifta for å utvikle Bjorli til ein større skidestinasjon, mellom anna ved å få etablert hotell, serveringsstadar og butikkar, samt inntil 1200 nye fritidsbustadar. Spesielt hotell er viktig, for å trekkje til seg besøkande også midt i veka. 

Utan eit skianlegg i drift er desse planane tyngre å selje.

– Det som Bjorli Utvikling har arbeidd med i fem-seks-sju år, er å få ei totalregulering av Bjorli si utviklingsmoglegheit - og det har vi brukt betydelege beløp på, sa styreleiar Per Øverbø i Bjorli Utvikling til Nett No tidlegare denne veka

Har over 70 aksjonærar
Bjorli Utvikling har over 70 aksjonærar. Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane. 

Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar. 

Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest.

Publisert: 19.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 18.05.2025 12:20

Mer om