BKK vil blokkere kraftsamanslaaing
KAN BLOKKERE: BKK har negativ fleirtal i både Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi og kan dermed sette foten ned for ei samling av dei to selskape, som SFE-sjef Johannes Rauboti (biletet) arbeider for å få til.
Nytt

BKK vil blokkere kraftsamanslåing

I fjor sa generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Energi (SFE) nei til å lage kraftgigant med BKK og Hydro. No vil BKK blokker ei samling av SFE og Sunnfjord Energi. 

Administrator
24.01.2019
NETT NO/NPK: Etter å ha flørta både med BKK og Sunnfjord Energi i ein lang periode sette generalforsamlinga i SFE i fjor haust ned foten, følgde rådet frå styret og avviste planane om å gå saman med BKK og Norsk Hydro i eitt nytt produksjonsselskap, Vestlandskraft as.

SFE ville heller satse på Sunnfjord Energi.- SFE-styret ser eit større potensial mellom SFE og Sunnfjord Energi, men samstundes har det synt seg at ein treng avklaring rundt regionsreforma og Vestlandskraft før ein kan kome i mål med denne samanslåinga, sa SFE Johannes Rauboti i pressemelding i samband med generalforsamlinga.

Gir seg ikkje

Men BKK har ikkje gitt opp, og vil blokkere for ei samling av SFE og Sunnfjord Energi.BKK ønskjer i staden eit stort energisamarbeid mellom kraftselskapa i nye Vestland fylke.
Det går fram av ei pressemelding frå selskapet.
Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi har i rundt to år arbeidd med planar om å slå saman dei to selskapa. Men dette kan dei i praksis ikkje gjera utan å ha BKK med på laget, sidan BKK eig 36,86 av aksjane i SFE og 37,45 prosent av aksjane i Sunnfjord Energi, skriv

Frårår fusjon

Denne veka har BKK hatt møte med eigarkommunane i Sunnfjord Energi for å orientera om korleis BKK ser på ei mogleg samanslåing av SFE og Sunnfjord Energi. Dei er tydelege på at dei rår frå ein fusjon mellom dei to selskapa.
– Ei samanslåing av SFE og Sunnfjord Energi vil slå dårleg ut for både kundar og eigarar av dei to selskapa. Arbeidet med å førebu ein fusjon har vart i to år. Rådet vårt er at ein no avsluttar prosessen og i staden ser på løysingar som er betre for kundar, kommunar og andre eigarar, seier Tonny Nundal, konserndirektør Kommunikasjon i BKK i pressemeldinga.

Skal møte konkurransen frå Austlandet

Nundal tek i staden til orde for eit stort energisamarbeid i nye Vestland fylke. Bakgrunnen er mellom anna planane på Austlandet der Hafslund E-CO og Eidsiva Energi ønsker å skapa eit gigantselskap med nærmare ein million kundar og ein produksjon på rundt 16,6 TWh. Til samanlikning har BKK rundt 200.000 kundar og ein produksjon på om lag 7 TWh.
– Sjølv om BKK er store på Vestlandet, blir vi alle små når vi samanliknar oss mot dette. Eit stort selskap som Hafslund/Eidsiva vil ikkje berre tilby kundane sine lågare nettleige. Dei vil også få stor tyngde når det gjeld på påverka rammevilkåra for energiselskapa framover. Vi i vest må ta opp konkurransen for å tilby kundane våre dei beste vilkåra og sikra verdiane til dei offentlege eigarane våre, seier Nundal.

Publisert: 24.01.2019 16:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30