Leiv Sindre Muren Myklebust verft bater foto Marius
GODT FJORÅR: Det vart dobla omsetning og stabil lønsemd for Myklebust Verft-sjef Leiv Sindre Muren i fjor. No jobbar verftet med å utvide arealet og legge til rette for auka aktivitet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Myklebust Verft nesten dobla inntektene

Har oppdrag inn i sommaren 2027.

05.09.2025

- Vi har ei auke i nybyggingsaktiviteten som også viser igjen på omsetninga for fjoråret. I tillegg har vi styrka både infrastrukturen og bemanninga, med blant anna 40 nytilsette sidan starten av 2024. Her er vi framleis i ei tilsettingsfase med behov for fleire folk, seier dagleg leiar Leiv Sindre Muren i ei pressemelding frå Myklebust Verft i Sande kommune. 

No har verftet omlag 150 eigen tilsette.

Fem nybygg i ordreboka
Verftet har per i dag fem nybygg i ordre;  to hydrogenferjer til Torghatten Nord, to konstruksjonsfartøy til Rem Offshore og ein pelagisk trålar til Sunbeam Ltd.

Aktiviteten auka både i nybyggingsmarknaden og i marknaden for reparasjon, vedlikehald og ombygging, skriv selskapet i pressemeldinga.

Muren seier til Nett No at selskapet ikkje har det travelt med å inngå nye nybyggingskontraktar no, men at det sjølvsagt ser seg om etter nye oppdrag å fylle ordreboka med. 

16 eigarar
Myklebust Verft-konsernet er eigd av selskapet Myklebust Verft Invest.

Myklebust Verft har 16 aksjonærar, med selskapa Inyard Invest as, John Kleven as, Hareid Elektriske og Cortex as som dei fire største. Bak Inyard Invest står mellom andre Åge Remøy, bak John Kleven Invest mellom andre Kjersti Kleven og Annelise Kleven Godø. Styreleiar Per-Christian Kroepelien Lillebø i Myklebust Verft er medeigar i Cortex. 

Myklebust Verft as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt817,2420,5
Driftsresultat 20,824,9
Resultat før skatt18,423,4

Publisert: 05.09.2025 15:52

Sist oppdatert: 08.09.2025 09:24

Mer om