Metizoft gry cecilie sydhagen og øyvind sundgot
FEKK PRIS: Metizoft-gründer Gry Cecilie Sydhagen og marknadssjef Øyvind Sundgot kan gle seg over prisen som årgangsgasellen 2022 i Dagens Næringsliv si kåring av vekstbedrifter. Foto:
Nytt

Blei årets årgangsgaselle

Metizoft fekk heider i Dagens Næringsliv-kåring.

Marius Rosbach
25.01.2023

Herøy-selskapet Metizoift fekk prisen årgangsgasellen 2022 i Dagens Næringsliv si kåring av vekstbedrifter i heile landet onsdag.

Utmerkinga blei kunngjort under den nasjonale finalen i avisa sin årlege kåring.

«Årets årgangsgaselle går til et modent selskap som gjennom innovasjon klarer å ta omsetningen til et nytt nivå», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Årrekke med god vekst
Metizoft-gründer Gry Cecilie Sydhagen er naturleg nok glad for prisen, og skriv i ein sms til NETT NO at ho ikkje deltok på utdelinga grunna reise.

- Vi takker Dagens Næringsliv for prisen og jobber selvsagt videre med å utvikle selskapet og tjenestene våre for fremtiden, skriv selskapet på Linkedin.

Selskapet har lagt bak seg ei årrekke med god vekst, og kunne nyleg melde om ei storkontrakt med Wilson-reiarlaget i Bergen.

At Metizfot får tittelen årgangsgaselle, betyr at selskapet i fleire år har oppfylt gasellekrava. Det betyr minst dobla omsetning siste fire år - og at bedrifta tener pengar.

Regionvinnar frå Trøndelag
Dagens Næringsliv kårer kvart år vekstbedrifter frå ulike regionar som går tittelen årets gaselle. «Regionmeisteren»i Midt-Norge vart i år sjokolademakerne i Jentenepaatunet på Selbu i Trøndelag.

Årets nasjonale gaselle vart Roest. Selskapet som held til i Oslo, lagar heilautomatiske kaffebrennere. Gründerane Sverre og Trond Simonsen har ifølgje Dagens Næringsliv anar frå Sunnmøre.

Publisert: 25.01.2023 21:14

Sist oppdatert: 25.01.2023 21:40

Mer om