Metizof innfelt gry cecilie sydhagen illustrasjon 11
REKRUTTERING: Metizoft med fleire nye produkt, og selskapet jaktar nye tilsette. Gry Cecilie Sydhagen merkar at fleire ungdomar ønsker å jobbe med grøne løysingar. Foto: Metizoft
Nytt

- Gledeleg at vi rekrutterer heim utflytta sunnmøringar

Herøy-selskapet Metizoft treng fleire tilsette. Toppsjefen er glad for rekuttering av spesielt ei gruppe.

12.07.2022

- Det er spesielt gledeleg at vi har henta heimatt utflytta sunnmøringar frå bransjar vi normalt sett ikkje har hatt mulegheit til få rekruttert frå tidlegare.

Det seier gründer og dagleg leiar Gry Cecilie Sydhagen.

Selskapet ho starta i 2006 har no 53 tilsette. Men no jaktar ein fleire tilsette både ved hovedbasen på Mjølstaneset i Herøy og i dotterselskapa i Singapore og Kina.

Ho seier at arbeidsmarknaden er stram, og kjem nok til å vere det ei stund framover.

- Vi har likevel fleire nytilsette på veg inn etter sommaren. Desse er rekrutterte både lokalt og nasjonalt.

- Nesten som å gründe på nytt
Metizoft har bygt ut eit system for overvaking og kontroll av farlege kjemikaliar på skip, og følgjer dette opp i heile skipets levetid.

Men no er det utvikla fleire nye produkt, der ein brukte ei rolegare periode under pandemien til forsking og utvikling.

- Vi har utvikla eksisterande tenester og nye berekraftsløysingar primært for maritim næring, men også landbaserte løysingar.

- Vi har brukt pandemi-tida vår godt til å grunde og tenke ut nye løysingar som vi ser vil kome.

- Dette er nesten som å gründe bedrifta på nytt og vi har våre gjennom mykje omstilling og tankegang, noko det vil bere preg av det neste året.

Dette er nesten som å gründe bedrifta på nytt
Gry Cecilie Sydhagen

Vil jobbe grønt
Blant anna har selskapet utvikla eit nytt kjemikaliesystem, der ein har kontroll på lagerbehandling og uttak, i tillegg til at ein i systemet har eksponeringslogg, sikkerheitsdatablad, stoffkartotek, risikovurdering og substituttlogg.

Sydhagen merkar at spesielt yngre generasjonar er opptatt av å jobbe i bedrifter som har fokus og virke innan framtidige grøne berekraftsløysingar.

- I tillegg er det kjekt å kunne utvikle bedrifta med globale og innovative teknologiske løysingar frå 'lissje' Mjølstadneset.

Forventar nye kontraktar
Selskapet hadde ein dropp i innteninga i fjor, men resultatet før skatt vart likevel solid med 26,8 millionar kroner.

Sydhagen fortel at etter at salsapparatet på nytt kom ut på vegen igjen tidleg i år, har selskapet fått svært gode tilbakemeldingar på den utvida produktportefølgjen.

- Vi reknar med at dette vil materialisere seg i nye og spennande kontrakter frå 3. eller 4. kvartal.

Publisert: 12.07.2022 12:46

Sist oppdatert: 12.07.2022 19:05

Mer om