Metizoft
AVTALE: Rem-direktør Fredrik Remøy og Metizoft-leiar Gry Cecilie Sydhagen etter å ha signert avtale om ein omfattande livssyklusanalyse av to Rem-nybygg. Foto: Matizoft
Nytt

Vil vekse både i Norge og Asia

Metizoft med nytt solid resultat - og utbyte.

11.07.2022

Herøy-selskapet Metizoft hadde færre inspeksjonar på skip i fjor enn året før. Det var hovudårsaka til at driftsinntektene gjekk ned frå 118,9 millionar kroner til 79,2 millionar.

Men lønsemda er framleis god. Resultatet før skatt enda på 25,8 millionar kroner, mot 48,4 millionar kroner året før.

Eigarane kan no fordele eit utbyte på 21,2 millionar kroner for 2021. Året før var utbytet 18,1 millionar.

Metizoft (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 79,2 118,9
Driftsresultat 25,8 48,4
Resultat før skatt 26,8 47,7

53 tilsette
Metizoft vart starta i 2006 av gründer Gry Cecilie Sydhagen. No tel konsernet 53 tilsette, inkludert tilsette i dotterselskapa i Kina og Singapore.

Selskapet har utvikla eit system for kontroll og overvaking av farlege kjemikalier på skip under heile skipets livssyklus, men har gradvis utvida tenestetilbodet.

Viktig forsking
I tillegg til reiarar, verft og leverandørar til den maritime næringa, har Metizoft også fleire større og mindre kundar i landbasert næring.

I årsrapporten går det fram at det i fjor vart utført forsking for 5,8 millionar kroner, og styret har god tru på at forskinga skal føre til endå fleire oppdrag, som gjer at ein vil auke antal tilsette både i Norge og Asia.

Omfattande Rem-avtale
Metizoft har i 2022 inngått fleire nye avtalar, blant anna med reiarlaget Wisdom Marine Lines i Taiwan.

Men den siste avtalen selskapet har flagga er med Fosnavåg-baserte Rem Offshore, og går ut på at Metizoft skal levere ei livssyklusanalyse (LCA) for Rem Offshore sine to nye CSOV-fartøy, som skal byggjast av Vard i Norge og Vietnam.

Metizoft opplyser på si heimeside at analysen skal gi eit bilete av kor stor den totale miljøpåverknaden er under eit produkt sin livssyklus – frå råvareutvinning, produksjon og bruk til avfallshandtering, inklusive all transport og all energibruk i mellomledda.

Gjennom å undersøke kvar i produksjonskjeda miljøpåverknaden er størst, skal ein slik analyse vise bedrifter kvar ein skal rette innsatsen sin for gjere miljøbevisste val.

- Aldri utført før
Gry Cecilie Sydhagen opplyser at kompleksiteten og omfanget av prosjekta er store, og ikkje tidlegare er vore utført i den maritime næringa.

Rem-sjef Fredrik Remøy er godt fornøgd.

- Den datamengda som blir samla inn på våre to nybygg vil gi oss ei plattform til å kunne velge meir berekraftige komponentar og system både på våre nybygg samt eksisterende tonnasje.

Lokalt eigd
Konsernet har ein eigenkapital på 30,5 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 0,9 millionar. Gründer Gry Cecilie Sydhagen er største aksjonær med 47,4 prosent av aksjane.

Andre aksjonærar er Ole-Reinart Notø og familien med 17,8 prosent, Harald og Torill Sydhagen med 10,9 prosent, Øyvind Sundgor med 8,9 prosent, Jan Rune Dalsøren med 8,9 prosent, Thomas Dalsøren med 3,6 prosent og Frode Remøy med 2,2 prosent.

Publisert: 11.07.2022 10:30

Sist oppdatert: 11.07.2022 10:45

Mer om