I lia nord for Grodås sentrum arbeider det i dag 17 personar. I tillegg kjem ein salsjef som sit i Tyskland og arbeider mot den sentraleuropeiske marknaden. Då GRS Riflestocks lanserte rifleskjeftet sitt i 2012 hadde bedrifta sju tilsette.
I 2013 vart den siste delen av møbelproduksjonen kutta ut.
2015 er det tredje året på rad med stor vekst. Så seint som i 2012 var driftsinntektene 8,1 millionar kroner.
Den store veksten kostar, og det vises også i reknskapen (sjå tabell).
- Vi kjem til å forbetre resultatet godt på slutten, seier Haugen.
Ut over å seie at det er eit produkt knytt til våpen, men ikkje eit hagleskjefte, vil han ikkje seie kva det handlar om før lansering i november.
I løpet av kort tid har den internasjonale marknaden blitt den viktigaste for GRS Riflestock. 85 prosent av inntektene kjem frå sal til utlandet. Eksporten er fordelt på 39 land, med Skandinavia, Storbritannian, Australia og Sør-Afrika som dei største.
I 2013 vart den siste delen av møbelproduksjonen kutta ut.
40 prosent opp
Hittil i år er driftsinntektene auke med 40 prosent i følgje dagleg leiar og medeigar Oskar Haugen. Held det fram slik resten av året vil selskapet nærme seg 18 millionar kroner i driftsinntekter i år.2015 er det tredje året på rad med stor vekst. Så seint som i 2012 var driftsinntektene 8,1 millionar kroner.
Den store veksten kostar, og det vises også i reknskapen (sjå tabell).
Aukar lønsemda
I år vil selskapet auke lønsemda igjen, i følgje Haugen. Førehandsalet av eit nytt produkt, som ikkje er offisielt lansert, er så stort at det vil ha ein vesentleg og positiv innverknad på lønsemda i år.- Vi kjem til å forbetre resultatet godt på slutten, seier Haugen.
Ut over å seie at det er eit produkt knytt til våpen, men ikkje eit hagleskjefte, vil han ikkje seie kva det handlar om før lansering i november.
85 prosent eksport
- Det er ein global marknad vi er i, seier Oskar Haugen.I løpet av kort tid har den internasjonale marknaden blitt den viktigaste for GRS Riflestock. 85 prosent av inntektene kjem frå sal til utlandet. Eksporten er fordelt på 39 land, med Skandinavia, Storbritannian, Australia og Sør-Afrika som dei største.
Vi kjem til å forbetre resultatet godt på slutten
Publisert: 13.10.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48






