Stadt tente igjen pengar i fjor
GJERDSVIKA: Hallvard Slettevoll og Stadt held til i Gjerdsvika. Fjoråret blei det tøffaste nokon gong for bedrifta som i hovudsak leverer framdriftssystem til skip. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Blodraudt for Stadt

Inntektene stupte og Gjerdsvika-bedrifta leverer det største underskotet nokon gong.

Marius Rosbach
29.07.2021

Rekneskapen til Stadt for fjoråret, viser at Sande-bedrifta hadde eit svært tøft år.

Omsetninga blei barbert til kring ein tredel av året før og rekneskapen enda med eit underskot før skatt på 3,2 millionar (sjå tabell under).

Resultatet er det verste som er bokført i skipselektroselskapet si historie.

– Vande med bølgjedalar
Stadt-sjef Hallvard Slettevoll fortalde til NETT NO i vinter at 2020 hadde vore eit «krevjande år», men at dei klarar seg greitt.

Det har vore både opp- og nedturar for Stadt dei siste åra. I 2019 leverte bedrifta eit plussresultat, og Slettvoll påpeika at dei var «vande med bølgjedalar og hadde litt på kistebotn», for å takle tøffe tider.

Selskapet har ein eigenkapital på drygt 12 millionar kroner og samla gjeld på drygt 18 millionar, ifølgje årsrapporten.

Stadt AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 6,5 21,5
Driftsresultat -4 1,1
Res. før skatt -3,2 1,1

Trur nokre skip aldri blir bygd
Ein rekordavtale på utstyr til ein serie ankerhandteringsskip for Nam Cheong har vore viktig dei siste åra for Stadt. I fjor sommar var 10 av 16 leveransar ferdige. Bygginga av skipa var først forseinka, før det stoppa heilt opp etter koronapandemien slo til.

I årsrapporten for 2020 skriv Stadt-leiinga at dei trur fleire av skipa aldri blir bygd. Bedrifta har uansett motteke kring 95 prosent av kontraktsbeløpa, heiter det.

Det er tidlegare sett av 6,9 millionar for å rydde opp i avtalane. Etter at Stadt har fått eit tilbod på kanselleringsoppdraget frå ein underleverandør, er summen justert ned til 5,2 millionar, blir det påpeika vidare i rapporten.

Avtale med Sjøforsvaret
Gjerdsvika-selskapet lagar i hovudsak framdriftssystem til ulike skip, og deira viktigaste marknader er Europa og Asia.

I vinter sikra selskapet seg ein utviklingsavtale med det norske sjøforsvaret og har kome gjennom nålauget for å levere til militære fartøy.

Stadt var i 2020 nede på eit snitt med 5,5 årsverk, om lag det same nivået som dei siste åra.

Publisert: 29.07.2021 11:13

Sist oppdatert: 29.07.2021 11:51

Mer om