Stadt avtale med Sjoeforsvaret
MILITÆRE FARTØY: Hallvard Slettevoll framfor ei av Stadt-tavlene som styrer det elektiske systemet. Selskapet har sikra seg ein avtale om eit utviklingsprosjekt for norske militære fartøy. 
Nytt

Stadt-avtale med Sjøforsvaret

Eit utviklingsprosjekt med den norske marinen kan vere eit avgjerande steg for teknologien frå Gjerdsvika-bedrifta.

Marius Rosbach
27.01.2021

Stadt har sikra seg ein avtale med det norske Sjøforsvaret om eit utviklingsprosjekt, ifølgje ei pressemelding.

Skipselektro-selskapet i Sande lagar i hovudsak elektriske framdriftssystem til ulike skip, og deira viktigaste marknader er Europa og Asia.

Stadt har også kome seg gjennom nålauget for å levere til militære fartøy, og ved å videreutvikle teknologien deira, skal marinen sine fartøy bli betre i stand til å forsvare kysten.

Trur på eksportmoglegheiter
Auka bruk av elektrisk kraft til både framdrift og våpen, gjer at løsyingar som «Stadt Stealth Naval Electric Propulsion», er meir interessant å nytte på framtidige marinefartøy.

Stadt-sjef Hallvard Slettevoll trur avtalen kan opne nye moglegheiter.

– Aksepten frå forsvarsdepartementet og den norske marinen for dette felles utviklingsprosjektet, er viktig for at skal styrke posisjonen vår, og aukar moglegheitene for meir eksport og for å lukkast i pågåande prosjekt til marineskip over heila verda, uttalar Slettevoll.

Auka rekkevidde og forsvarsevne
Gjerdsvika-bedrifta har tidlegare levert tilsvarande teknologi til militærfartøy i fleire land.

Målet med samarbeidet med det norske Sjøforsvaret er mellom anna å auke rekkevidda og forsvarsevna for elektrisk drivne fartøy. I tillegg til å kutte utslepp av klimagassar, er slike løysingar langt meir stillegåande enn tradisjonelle dieselmotorar.

Verdien på kontrakten blir ikkje opplyst.

– Krevjande år
Stadt-sjefen opplyser til NETT NO at 2020 blei eit «krevjande år», men at det likevel har «gått greitt».

Rekneskapen er ikkje klar enno, og Slettevoll vil ikkje gå i meir detalj om resultatet no.

I fjor gjekk Stad også inn på eigarsida i Vindskip as, saman med Høglund Marine i Tønsberg. Ideen til gründerselskapet er å bygge eit skip som ser ut som ein flyvenge på høgkant, der heile skroget fungerer som eit segl.

Les også: Stadt tente igjen pengar i fjor

Gründer ut av vindskip-selskap

Stadt vil bygge i «nyehamna» i Gjerdsvika


Publisert: 27.01.2021 16:10

Sist oppdatert: 29.07.2021 10:00