Pal Andreas Alnes Kim Lillebo foto Vekst i Hareid
VIL HALDE FRAM ARBEIDET: Pål-Andreas Alnes (t.v.) har med seg Kim Lillebø (t.h.) i arbeidsutvalet for det som førebels heiter Hareid Vekst. Målet er å ha ein ny organisering av næringsarbeidet på plass første halvår 2026. Foto: Privat
Nytt

Vil starte ny næringsforeining

Vekst i Hareid er snart historie. Lokale bedrifter tek rekninga for etterfølgjaren.

Marius Rosbach
17.12.2025

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid går mot slutten, og blir etter planen avslutta til sommaren. No har næringslivet i kommunen gått saman om å vidareføre arbeidet i ein ny organisasjon, som samtidig truleg vil erstatte dagens Hareid Næringsforum. 

Ei arbeidsgruppe er no er i full gong med å planlegge korleis ein skal gå fram konkret.

– Planen er å etablere den nye eininga no ved årsskiftet, og første steg vil vere å hente inn startkapital, fortel Pål-Andreas Alnes til Nett No. 

Han er med i gruppa saman med Olav Haug Vikebakk, Terje Giskeødegård Balsnes, Kim Lillebø og Stian Garnes. 

Vi trur og håpar at vi får med nok bedrifter
Pål-Andreas Alnes

Fleire har allereie sagt ja
Førre veka var interesserte invitert til eit informasjonsmøte om foreininga som førebels heitar «Hareid Vekst». Hit kom både små og store bedrifter – og fleire har allereie sagt seg villige til å bidra økonomisk. 

– Det var veldig positive tilbakemeldingar. Vi trur og håpar at vi får med nok bedrifter, seier Alnes om responsen på møtet. 

Alnes fortel at dei har lete seg inspirere av modellen til Måløy Vekst, og dei største bedriftene etter planen skal betale inn mest i det nye samarbeidet.

– Vi siktar oss i første omgang inn mot 10-15 større bedrifter, men håpar også å få med mange av dei små, seier Alnes. 

Reknar ikkje med offentleg støtte
Meir støtte frå det offentlege har dei ikkje rekna inn per i dag. 

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid har sidan 2019 fått støtte frå både fylkeskommunen og Hareid kommune – i tillegg til pengar frå bedrifter. 

– Kommunen er på Robek, og har ikkje moglegheit til å støtte. Men vi meiner det er viktig å få inn ei prosjektleiar på heiltid, seier Alnes. 

Hareid Samarbeid læring næring Foto Marius Rosbach 11
TIDLEG START: Vekst i Hareid-prosjektet har mellom anna inkludert tettare og tidlegare samarbeid mellom skule og næringsliv, for å auke elevane sin kunnskap om arbeidslivet i lokalsamfunnet. Her frå markeringa av avtalen i 2023. Foto: Marius Rosbach

– Mykje positivt som skjer i Hareid
Han fortel at ein rekke bedrifter i kommunen opplever god auke i aktiviteten – ikkje minst grunna oppturen i den maritime industrien.

Difor meiner han tidspunktet er rett for å satse på eit nytt samarbeid. 

– Det er mykje positivt som skjer i Hareid, og vi må bruke det momentet vi har nå medan næringslivet går godt, seier Alnes. 

– Ikkje nok berre med arbeidsplassar
Alnes meiner mykje er oppnådd gjennom omstillingsprosjektet Vekst i Hareid som har strekt seg over fem år. 

Då prosjektet blei vidareført i fjor, blei det anslått at arbeidet til då hadde bidrege til 124 arbeidsplassar.

I den nye næringsforeininga skal dei jobbe for å skape næringsutvikling, og i tillegg til auka bu- og livskvalitet, og meir besøk og opplevingar.

– Det er ikkje nok berre med arbeidsplassar. Ein må også ha ein plass å bu, og eit godt samfunn å leve i, påpeike Alnes. 

Publisert: 17.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 16.12.2025 23:04

Mer om