Fiskebåtreiarlaget Bluewild sel tråleren «Ishavet» til Solskjær AS for ein ukjent sum.
Årsaka er reduserte kvoter kombinert med at fartøyet si rolle som avlastningsfartøy for «Ecofive» blir avslutta. Det kjem fram i ei pressemelding frå reiarlaget.
– Salet av «Ishavet» gir både Bluewild og Solskjær eit godt industrielt utgangspunkt. For oss frigjer det kapital og operativ kapasitet, mens Solskjær får eit moderne fartøy som raskt kan setjast i full produksjon, heiter det i meldinga frå administrerande reiar Tore Roaldsnes.
Arbeidsforholda på «Ishavet» blir avslutta ved salet, men Bluewild reknar med at det vil vere gode moglegheiter for anna arbeid i reiarlaget for mannskapet.

Nyskapande nybygg forseinka
Bluewild fekk først overlevert nybygget «Ecofive» i februar i fjor, og håpte å ha trålaren i drift i løpet av våren.
Under ein test i april vart det oppdaga vridingar i den såkalla A-ramma akterut på båten. Skadane på leveransen frå Evotec førte til nye forseinkingar for båten som etter den opphavlege planen skulle vere ferdig allereie i 2023.
No satsar Bluewild på at trålaren som blei kåra til årets skip under Nor Shipping i 2023, skal vere klar til fiske etter dåp i juni.
Skal erstatte anna trålar
Kjøparen av «Ishavet», Solskjær AS, er eit dotterselskap av Lurøyveiding AS, som har kystfartøya «Slettholmen» og «Lurøybas» i drift.
Trålaren blir selt utan kvoter med planlagt overlevering i april. Fartøyet skal erstatte trålaren «Haltentrål» som Solskjær driv i dag.
Det siste offentlege konsernrekneskapen frå Ålesund-reiarlaget viser ei omsetning på 151 millionar kroner i 2024. Same år enda med eit overskot før skatt på over 21 millionar kroner.
Publisert: 22.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 22.01.2026 05:04






