Kjetil Bollestad
METIZOFT: Kjetil Bollestad går frå Kleven i Ulstein til Metizoft i Herøy. Foto: Metizoft
Nytt

- Trivst godt i den maritime klynga på Nordvestlandet

Den tidlegare Kleven-direktøren Kjetil Bollestad overtar som toppsjef i Herøy-selskapet Metizoft.

12.01.2022

- Eg gler meg veldig. Eg har masse venar i den maritime klynga på Nordvestlandet, og trivst saman med dei.

- Dei er både kreative og hyggjelege, og her skjer det mykje spennande.

Det seier Kjetil Bollestad, som 1. februar overtar som dagleg leiar for Herøy-selskapet Metizoft.

Slutta på Kleven
Bollestad jobba ved Kleven frå hausten 2018, siste tida som adm. dir ved Green Yard Kleven. 1. november gjekk han av, og har vore på jobbjakt etterpå.

- Eg har fått fleire jobbtilbod, men valde Metizoft.

- Eit utruleg spennande selskap, seier Bollestad.

Han bur i Son, men skal vekependle til Herøy.

- Ikkje noko problem. Eg har pendla frå Son til Sunnmøre i mange år, seier Bollestad.

Internasjonale ambisjonar
Han rosar Metizoft.

- Dei har fått til mykje, men har mykje nytt og spennande på gang, ikkje minst innanfor utvikling av digitale løysingar som vil vere til stor hjelp for både verft og reiarar.

- I tillegg er det eit selskap med store ambisjonar, også internasjonalt.

Ikkje noko problem. Eg har pendla frå Son til Sunnmøre i mange år
Kjetil Bollestad

Følgjer skipa heile livet
Metizoft er av verdas første og leiande konsulentselskap av Inventory of Hazardous Materials (IHM). I det siste har selskapet utvikla seg frå å vere eit selskap som kartlegg farlege material om bord i skip til å levere ulike løysingar for heile skipets livssyklus.

I ei pressemelding frå Metizoft opplyser gründer Gry Cecilie Sydhagen at ho er svært glad for at Bollestad har takka ja til stillinga som dagleg leiar.

- For å halde vår posisjon som markedsleiar og fortsette vår solide vekst, har vi siste åra arbeidd mykje med utvikling av eksisterande og nye tenester til maritim industri. Utvikling og innovasjon vil vere mitt fokus framover, seier Sydhagen.

I tillegg til bakgrunn som Kleven-direktør, har Bollestad ein variert yrkesbakgrunn som starta med flyteknisk utdanning i forsvaret. Han har blant anna mange års erfaring i SAS med vedlikehald av fly, vore adm. dir. ved verftet i Florø, jobba i oljeindustrien med subseasystem, samt stått for bygging og operasjon av ein jackup-rigg.

Publisert: 12.01.2022 12:36

Sist oppdatert: 12.01.2022 13:09

Mer om