Bollestad og Fedog Kleven
SLUTTER SOM DIREKTØR: Administrerande direktør Kjetil Bollestad (t.v.) ved Green Yard Kleven og konsernsjef Hans Jørgen Fedog ved Green Yard Group. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Bollestad gir seg ved Kleven

– Eg er både glad og stolt over det eg har vore med på, seier verftsdirektøren. No tek Green Yard-sjefen roret.

Marius Rosbach
05.10.2021

I samband med nyheita om ei større kontrakt på resirkulering av fleire skip for Solstad Offshore, blir det opplyst at Kjetil Bollestad gir seg som verftsdirektør på Green Yard Kleven.

Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog vil ta ei klarare rolle som konsernsjef, og ha ansvaret som øvste operasjonelle leiar ved begge verfta, ifølgje ei pressemelding frå Green Yard Kleven.

– Fokus på resirkulering
Endringa trådte i kraft måndag og Bollestad skal halde fram som rådgjevar for å fullføre bygginga av Rem Offshore-skipet Rem Energy. Etter planen skal skipet leverast i november.

– Eg er med å følgjer opp bygg 398 og får det levert. Etterpå har eg ikkje nokon planar, fortel Bollestad til NETT NO.

På spørsmål om kvifor han sluttar, visar han til pressemeldinga: – Hans Jørgen (Fedog, journ. anm.) vil styre begge verfta og ha fokus på resirkulering, legg han til.

Det har vore ei utruleg krevjande periode. Samtidig har det vore utruleg hyggeleg å jobba saman med alle dei flinke folka på verftet
Kjetil Bollestad

Krevjande år med konkurs og eigarskifte
Bollestad tok over som verftsdirektør på Kleven sommaren 2019, etter å ha rykka opp frå stillinga som produksjonsdirektør.

Då var han den tredje verftsdirektøren på 20 månader. Bollestad har stått i stillinga sidan – sett vekk frå konflikten med tidlegare verftseigar Tomislav Debeljak – då rogalendingen var ute av rolla ei periode.

Det har vore nokre svært hendingsrike år på verftet med konkursar og fleire eigarskifte.

– Det har vore ei utruleg krevjande periode. Samtidig har det vore utruleg hyggeleg å jobba saman med alle dei flinke folka på verftet. Eg har stortrivast kvar dag og det har gitt meg utruleg mykje. Eg er både glad og stolt over det eg har vore med på, fortel Bollestad.

Takkar Bollestad for innsatsen
Green Yard-konsernet takkar Bollestad for innsatsen, og påpeiker at han har vore ein god leiar for verftet.

– Han har leia organisasjonen gjennom ei krevjande periode med store endringar internt og eksternt, og vi sett pris på den innsatsen han har lagt ned, heiter det i meldinga frå verftet tysdag.

Sikra stort oppdrag med resirkulering
Green Yard opplyser at endringa gjerast for å ta ut synergiar i drifta av verftet i Ulstein og Feda i Agder.

Tidlegare tysdag blei det kjent at Green Yard Kleven er sikra sitt største oppdrag for resirkulering. Verftet skal ta seg av fire tidlegare Solstad Offshore-skip, medan Feda-verftet skal resirkulere tre skip.

Oppdraga sikrar arbeid ut 2022 for begge verfta.

Publisert: 05.10.2021 10:03

Sist oppdatert: 05.10.2021 11:57

Mer om