Frank haugee Kleven
KLEVEN: Tillitsvald Frank Hauge håper at det framleis vert satsa på nybygging ved Green Yard Kleven. Foto: Privat
Nytt

- Det var ingen jubel over desse kontraktane

Kleven-tillitsvald meiner det er svært trist at Kjetil Bollestad sluttar og håpar det kan bli satsa meir på nybygging.

05.10.2021

- Kjetil Bollestad har vore ei klippe for oss på Kleven. Han har stått opp for verftet og dei tilsette gjennom restrukturerings- og salsprosessar.

- Dette var ei trist nyheit, og eg trur dette gjeld for alle tilsette.

Det seier tillitsvald Frank Hauge i FLT (Forbundet for ledelse og teknikk) ved Green Yard Kleven.

Han seier at det for mange kom som eit sjokk at Bollestad sluttar.

- Ja, dette var uventa, men eg har forstått det slik at han i større grad ville satse vidare på nybygging ved verftet. No vert det i staden meir fokus på resirkulering.

Stille på allmøtet
I går var det allmøte ved Green Yard Kleven, der konsernsjef Hans Jørgen Fedog opplyste at verftet skal resirkulere fire av sju skip som Green Yard skal hogge opp og resirkulere for Solstad.

- Det var ingen jubel over desse kontraktane. Mange sa at dei trudde det var ein nybyggingskontrakt det var snakk om.

- Faktisk var det nesten heilt stille i salen.

Det var ingen jubel over desse kontraktane
Frank Hauge

Styremøte
Hauge seier at den gjengse oppfatninga ved verftet er at det er eit ideelt verft for også kunne ta på seg nybyggingsoppdrag, og mange har sett for seg at resirkulering av skip skulle vere ei ekstra inntektskjelde.

- Det er klart at desse resirkuleringskontraktane gir bra med arbeid for ein del tilsette, medan det er uklart kor mange andre som kan verte overflødige.

Hauge sit sjølv i Kleven-styret. Der skal det vere styremøte i morgon.

- Eg håper det vert muleg å kome til ei løysing der det også skal satsast på nybygging ved verftet. Eg har i alle fall ikkje gitt opp.

Har sagt opp før
Bollestad tok over som verftsdirektør på Kleven sommaren 2019, etter å ha rykka opp frå stillinga som produksjonsdirektør.

Då var han den tredje verftsdirektøren på 20 månader. Bollestad har stått i stillinga sidan – sett vekk frå konflikten med tidlegare verftseigar Tomislav Debeljak – då rogalendingen var ute av rolla ein periode.

Publisert: 05.10.2021 13:05

Sist oppdatert: 05.10.2021 20:04