Drifta er opphøyrd inntil vidare, som ein konsekvens av dommen i lagmannsretten. Det stadfestar konsernsjef Tommy Torvanger i Nergård-konsernet.
Han seier og at konkurrenten Pelagia har varsla reaksjonar dersom drifta i Vågsøy held fram etter dommen i lagmannsretten.
Lagmannsretten kom til at det er ein konkurranseklausul på eigedommen som fiskemjøl- og fiskoljeanlegget til Nergård-konsernet er bygd på, og konkluderte med at Nergård-konsernet ikkje har lov å drive produksjon der.
Dermed står eit anlegg til over 250 millionar kroner bom stille.
Nergård har anka striden med Pelagia-konsernet til Høgsterett, men valde likevel å stogge produksjonen då dommen i lagmannsretten kom. Anlegget er framleis stengt, og det er det Torvanger vil seie om planane vidare akkurat no.
Tingretten kom i fjor til at det ikkje er ein slik klausul, men lagmannsretten konkluderte i juni i år stikk motsett.
Då tingretten behandla saka i august i fjor var allereie bygginga godt i gang, og Nergård-konsernet valde å bygge og opne som planlagt, trass Pelagia sine protestar og anke til lagmannsretten.
Tidleg på året i år opna anlegget for full drift og berre dårlege flyvêr hindra at det var fiskeriminister Per Sandberg som stod for den offisielle opninga.
Les alt om striden under Relaterte saker.
Tilbodet vart møtt med ei kald skulder og avslått på dagen.
Han seier og at konkurrenten Pelagia har varsla reaksjonar dersom drifta i Vågsøy held fram etter dommen i lagmannsretten.
Lagmannsretten kom til at det er ein konkurranseklausul på eigedommen som fiskemjøl- og fiskoljeanlegget til Nergård-konsernet er bygd på, og konkluderte med at Nergård-konsernet ikkje har lov å drive produksjon der.
Dermed står eit anlegg til over 250 millionar kroner bom stille.
Nergård har anka striden med Pelagia-konsernet til Høgsterett, men valde likevel å stogge produksjonen då dommen i lagmannsretten kom. Anlegget er framleis stengt, og det er det Torvanger vil seie om planane vidare akkurat no.
Bygde trass strid
Pelagia meiner det er ein konkurranseklausul på eigedomen, som ligg rett ved Pelagia sine eigne anlegg i på Trollebø i Vågsøy. Klausulen skriv seg frå då eigedomen vart seld frå eit selskap som i dag er ein del av Pelagia, til kompanjongane Arne Stang og Bjarte Tunold, som i dag er storaksjonærar i Nergård-konsernet.Tingretten kom i fjor til at det ikkje er ein slik klausul, men lagmannsretten konkluderte i juni i år stikk motsett.
Då tingretten behandla saka i august i fjor var allereie bygginga godt i gang, og Nergård-konsernet valde å bygge og opne som planlagt, trass Pelagia sine protestar og anke til lagmannsretten.
Tidleg på året i år opna anlegget for full drift og berre dårlege flyvêr hindra at det var fiskeriminister Per Sandberg som stod for den offisielle opninga.
Les alt om striden under Relaterte saker.
Avslo fredstilbod
Etter at Pelagia vann fram i lagmannsretten baud Nergårdkonsernet Pelagia 50 millionar kroner for å slutte fred, og la Nergård få drive vidare i Vågsøy.Tilbodet vart møtt med ei kald skulder og avslått på dagen.
Publisert: 29.09.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01