Leif Riksheim Tor Oyvin Aa Leng Buli Brodrene Aa foto Brodrene Aa
NY AKSJONÆR: Brødrene Aa etablerer produksjon i Kina med ny medeigar på laget. Styreleiar Leif Riksheim (t.v.) og Tor Øyvin Aa signerer avtalen med viseadministrerande direktør Leng Buli i Chu Kong Shipping Enterprises.
Nytt

Kinesarane er ute

Blir ikkje med på ny hurtigbåtsatsing i Hyen

27.08.2025

I 2016 kjøpte Chu Kong Shipping Enterprises Co. i Hong Kong 40 prosent av hurtigbåtverftet Brødrene Aa. Avtalen vart markert med ein høgtidleg signeringsermoni i Kina (biletet). I ei pressemelding skreiv Brødrene Aa at kjøpet ville gi selskapet solide finansielle musklar for vidare vekst.

Etter konkursen tidlegare i sommar er det etablert ny drift i anlegget i Eikefjord i Sunnfjord. I går, tysdag 26. august, vart det offentlegjort ein intensjonsavtale med finske Summa Defence om å starte på nytt ved hovudanlegget i Hyen, gjennom eit nytt selskap. 

Både satsinga i Eikefjord og Hyen skjer utan det kinesiske selskapet som medeigar. Det stadfestar tidlegare styreleiar i Brødrene Aa, Gustav Johan Nydal. Etter konkursen har Nydal arbeidd på oppdrag for Brødrene Aa Eiendom for å få ny drift i både Hyen og Eikefjord. Brødrene Aa Eiendom er eigedomsselskapet til Aa-familien i Hyen, som mellom anna eig bygga det konkursråka driftsselskapet brukte.

Finsk majoritetseigar
Summa Defence Plc er eit finsk forsvars- og tryggingsteknologikonsern som er notert på børsen i Stockholm.

Summa Defence blir majoritetseigar i det nye selskapet, men vi går førebels ikkje ut med eksakt fordeling av aksjar, skriv Nydal i ei tekstmelding til Nett No. 

Som ein del av avtalen med  Chu Kong Shipping Enterprises Co. skulle Hong Kong-selskapet vibyggje eit hurtigbåtverft på det kinesiske fastlandet, for å utrustning og konstruksjon av hurtigbåtar basert på teknologi frå Hyen.

Nett No har spurt Nydal ogm Brødrene Aa Eiendom eller andre frå Noreg lenger har interesser i samarbeidet om bygging i Kina. 

– Det gjenstår å sjå, svarar Nydal.

Konkurs etter kansellering
Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30 mai i år.

Bakgrunnen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.

168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som er den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.

Tidlegare i sommar vart det starta ny drift i Brødrene Aa sitt anlegg i Eikefjord i Sunnfjord og no ligg det an til ny drift også ved hovudanlegget i Hyen.

Publisert: 27.08.2025 09:00

Sist oppdatert: 27.08.2025 09:00

Mer om