Espen remme ukraina foto marius 11
FÅ DIREKTE RAMMA: NHO-direktør Espen Remme fortel at få bedrifter er direkte ramma, ettersom mykje handel med Russland blei redusert allereie etter Krim-annekteringa i 2014. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Mange bedrifter opplever å vere overlatt til seg sjølv

Stor usikkerheit i næringslivet som følgje av Ukraina-krigen - og mange kvir seg for å fortelje om det.

Marius Rosbach
01.04.2022

Fredag møtte NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal bedrifter som fortalde om korleis dei opplevde konsekvensane av Ukraina-krigen.

Nokre er direkte råka fordi dei handlar med Russland, medan dei fleste blir indirekte råka av auka prisar, lengre leveringstider og generell stor usikkerheit om framtida.

– Eg trudde ikkje eg skulle få oppleve dette. Det er surrealistisk og uverkeleg, og vanskeleg å forhalde seg til, seier Remme.

Møtet på Skaparhuset i Ulsteinvik vart sett i stand av MAFOSS (Maritim Foreining for Søre Sunnmøre), som har ein rekke medlemsbedrifter som blir råka på ulike vis.

Finst ofte ikkje gode svar
Bedrifter som handlar direkte eller indirekte med Russland, fortel at dei usikre på korleis dei skal forhalde seg til sanksjonane. Tilbakemeldingar NHO har fått, viser at mange meiner regelverket er vanskeleg å tolke.

Samtidig er det mange spørsmål dei ikkje får svar på.

– Det er ein tregheit i systemet fordi det trengst avklaringar juridisk til eksempel, forklarar Remme.

– Resultatet er at veldig mange bedrifter opplever å vere overlatt til seg sjølv, legg han til.

Utanriksdepartementet har stor pågang med ulike problemstillingar, og har på ingen måte kapasitet til å svare ut alle spørsmål. NHO tek også i mot innspel og formidler svar via sine nettsider.

Ei stor fiskeribedrift var ein time unna å stoppe produksjonen, fordi dei mangla adresselappar,
Espen Remme

– Ei humanitær katastrofe
– Samtidig er det først og fremst ei humanitær katastrofe vi står oppe i, påpeiker NHO-direktøren.

Nettop det trur han bidreg til at mange bedrifter kvir seg for å snakke ope om problema dei møter.

– Ei stor fiskeribedrift var ein time unna å stoppe produksjonen, fordi dei mangla adresselappar, fortel Remme som eit døme på korleis sviktande logistikk kan ramme kven som helst.

Manglande adresselappar blir likevel mindre viktig samanlikna med flyktningekrise og sterke bilde av menneske som lir.

Større utfordring enn pandemien
NHO-direktøren meiner usikkerheita bedriftene fortel om, gjer at Ukraina-krigen er vanskelegare å takle enn koronapandemien.

Samtidig minna han om at ting såg lyst ut for store delar av næringslivet, berre få veker før invasjonen.

For mange ser marknadsutsiktene framleis lyse ut, men optimismen blir bremsa som følgje av utfordringar med leverandørkjedene og tilgang på kompetanse, åtvara Remme.

Publisert: 01.04.2022 16:08

Sist oppdatert: 01.04.2022 16:09

Mer om