- Ja, målet er vekst, seier dagleg leiar Bjørn Halfdan Leine.
Han seier at mange framleis trur at selskapet er eit reint Brattvåg-selskap.
- Vi har hovedkontoret i Brattvåg, men vi har avdeling i Skodje og har også etablert oss ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund.
- Sjølv om vi framleis kjem til å vere store i Haram og Skodje, satsar vi no på å få eit sterkare fotfeste i Ålesund og området rundt. Det gjeld både på landsida og innan den maritime industrien.
- Ja, vi er heldige som har solide og ambisiøse eigarar i ryggen, seier Leine.
Midvest Fondene investerer i små og mellomstore bedrifter i Trøndelag og Møre og Romsdal, og kom inn på eigarsida i Brattvaag Electro i januar 2012 då Midvest Fondene og Lapas overtok 66,6 prosent av aksjane i Brattvaag Electro frå Umoe.
Han vart tilsett som dagleg leiar i Brattvåg Elektro i 2012, og kunne i fjor notere seg for ein kraftig vekst i inntektene. Dei auka frå 99,3 millionar kroner i 2012 til 144,7 millionar kroner i 2013, ein vekst på heile 45 prosent.
Men veksten førde ikkje til eit styrka resultat. Resultatet før skatt enda på 1,7 millionar kroner, ned frå 2,0 millionar kroner året før.
Han seier at inntektene vil variere mykje med kor mange større maritime prosjekt ein har.
- Enkelte år har vi fleire slike store prosjekt, medan andre år kan det vere null. Mellom anna hadde vi tre store nybygg i 2013, og ingen i 2012.
- Dermed vil også inntektene variere mykje frå år til år.
Selskapet driv også med utvikling av automasjonsløysingar i tillegg til produksjon av tavler.
- Dette vil ein sjå meir av framover.
Ved siste årsskifte hadde selskapet 88 tilsette. No er talet nede på rundt 85, der dei fleste er norske.
I tillegg har selskapet avtale om innleige av arbeidskraft for å ta unna toppane i aktiviteten.
Han seier at mange framleis trur at selskapet er eit reint Brattvåg-selskap.
- Vi har hovedkontoret i Brattvåg, men vi har avdeling i Skodje og har også etablert oss ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund.
- Sjølv om vi framleis kjem til å vere store i Haram og Skodje, satsar vi no på å få eit sterkare fotfeste i Ålesund og området rundt. Det gjeld både på landsida og innan den maritime industrien.
Fond og Langøy
Selskapet er 50 % eigd av investeringsselskapet Midvest Fondene og 50 prosent av Leif Arne Langøy og familien gjennom selskapet Lapas.- Ja, vi er heldige som har solide og ambisiøse eigarar i ryggen, seier Leine.
Midvest Fondene investerer i små og mellomstore bedrifter i Trøndelag og Møre og Romsdal, og kom inn på eigarsida i Brattvaag Electro i januar 2012 då Midvest Fondene og Lapas overtok 66,6 prosent av aksjane i Brattvaag Electro frå Umoe.
Inntektshopp
Bjørn Halfdan Leine er opphaveleg frå Leinøya i Herøy, og har bakgrunn frå selskap som Ulstein, Rolls-Royce Marine, Aries Offshore og E. A. Smith.Han vart tilsett som dagleg leiar i Brattvåg Elektro i 2012, og kunne i fjor notere seg for ein kraftig vekst i inntektene. Dei auka frå 99,3 millionar kroner i 2012 til 144,7 millionar kroner i 2013, ein vekst på heile 45 prosent.
Men veksten førde ikkje til eit styrka resultat. Resultatet før skatt enda på 1,7 millionar kroner, ned frå 2,0 millionar kroner året før.
Store variasjonar
Leine forklarer det svake resultatet med tap på eit komplisert oppdrag for Vard.Han seier at inntektene vil variere mykje med kor mange større maritime prosjekt ein har.
- Enkelte år har vi fleire slike store prosjekt, medan andre år kan det vere null. Mellom anna hadde vi tre store nybygg i 2013, og ingen i 2012.
- Dermed vil også inntektene variere mykje frå år til år.
Ser mot landindustrien
Leine opplyser at selskapet i stadig større grad satsar inn mot andre område, i tillegg til det maritime, slik at ein kan ha ein litt jamnare inntektsstraum. Spesielt har ein siste åra satsa mykje på industrimarknaden, og inngått serviceavtalar med fleire industriselskap.Selskapet driv også med utvikling av automasjonsløysingar i tillegg til produksjon av tavler.
- Dette vil ein sjå meir av framover.
Ved siste årsskifte hadde selskapet 88 tilsette. No er talet nede på rundt 85, der dei fleste er norske.
I tillegg har selskapet avtale om innleige av arbeidskraft for å ta unna toppane i aktiviteten.
Ja, vi er heldige som har solide og ambisiøse eigarar i ryggen
Publisert: 04.10.2014 06:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38






