Ålesund rådhus foto Ogne
STORE INNKJØP: Kommuar og andre deler av offentleg sektor kjøper varer og tenester for milliardar kroner i året, men er stiller ikkje strenge nok miljøkrav, meiner Riksrevisjonen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Brukar lite innkjøpsmakt

Riksrevisjonen kritiserer kommuner, fylke og stat for slappe miljøkrav i innkjøpspolitikken.

30.05.2022

Tysdag 31. mai blir miljøkrav og offentlege innkjøp tema på eit arrangement i Ålesund i regi av Adviso og First House.

Der er mellom andre innkjøpssjef Kariann Bigset i Ålesund kommune ein av innleiarane.

Ålesund kommune sitt mål er at alle bygge‐ og anleggsplassar skal redusere bruken av fossilt drivstoff med 50 prosent innan 2023 og vere fossilfrie innan 2025.

Førebels ligg kommunen etter skjema, med bygging av 16 omsorgsbustadar på Flisnes som det førebels første dømet på eit prosjekt der miljøkrav var avgjerande. Der skal grunnarbeidet gjerast av elektriske anleggmaskiner. Det er Consto Midt-Noreg som har fått oppdraget.

Lite ambisiøse
Kommunen reknar med at Flisnesprosjektet åleine kostar 2,65 millionar kroner ekstra på grunn av utsleppsambisjonane.

Riksrevisjonen har vurdert i kor stor grad kommunar og andre deler i offentleg sektor brukar makta dei har gjennom innkjøpspolitikken til å oppnå dei måla Stortinget har sett for å redusere skadleg påverknad på miljøet og få fram klimavennlege løysingar.

Offentleg sektor kjøper inn for rundt 600 milliardar kroner kvart år.

Rapporten fra Riksrevisjonen kom i februar i år og teiknar eit bilete av ein offentleg sektor med lite ambisiøse krav.

Les rapporten her

"Ambisjonsnivået for kravene som stilles, er lavt, til tross for at områdene over tid har vært trukket fram som prioriterte", heiter det i rapporten.

Når det blir stilt miljøkrav er hovudregelen at miljøkrav skal vektast 30 prosent i vurderinga kven som skal få oppdraget, men i praksis blir det lagt mindre vekt på miljøkrava, ifølgje rapporten

Riksrevisjonen skriv også at det manglar statistikk og styringsinformasjon om status for såkalla grøne offentlige innkjøp.

Publisert: 30.05.2022 15:25

Sist oppdatert: 31.05.2022 00:51

Mer om