– Vi stiller alt for lite miljøkrav
Spilka-sjefen kan vente seg god draghjelp - om næringsministeren får det som han vil.
Næringsminister Jan Christian Vestre blei imponert over det han fekk sjå og høyre hos byggeindustrikonsernet Spilka fredag.
Ålesund-bedrifta har lagt ein ny strategi der bærekraft står sentralt for korleis omsetninga skal nå nye høgder. Men Spilka-direktør Terje Bøe er ikkje imponert over korleis det offentlege tenker når det skal investerast i nye bygg.
- Vi ser lite igjen av målsettingane om bærekraft, når det verkeleg kjem til stykket, frotalde Bøe då statsråden kom på besøk fredag.
Vi vil endre regelverket slik at ein i større grad må legge vekt på miljø,
Pris viktigast for nytt sjukehus
Typiske krav for haldbarheit er fem år kunne Bøe fortelje. Han
etterlyser strengare krav i anboda smom blir lyst ut for nye bygg.
Utbygginga av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal er eitt eksempel, som Spilka-sjefen drog fram. Det er blant dei største offentlege investeringane i regionen, og i anbodskonkurransen talde prisen 75 prosent og «andre forhold» 25 prosent.
Miljø og bærekraft spelar med andre ord ikkje avgjerande inn på kva slags løysingar som blir valt.
Vestre vil endre reglane
Næringsministerener klar på at han ikkje er nøgd med ein slik situasjon.
– Vi stiller alt for lite miljøkrav ved offentlege innkjøp, seier Vestre til NETT NO.
Han legg ikkje skjul på at han er tilhengar av sterkare krav til bærekraft.
Statsråden fortel at det er eit prioritert arbeid i regjeringa å endre reglane og håpar å få sendt ut dei første forslaga på høyring før sommaren.
– Vi jobbar med ulike skisser og modellar. Vi vil endre regelverket slik at ein i større grad må legge vekt på miljø, fortel han.
Vil fortelje EU om Spilka
Vestre ville også ta med seg innspela frå Ålesund-bedrifta til eit møte
med visepresidenten i EU-kommisjonen. Han kjem snart på besøk for å
diskutere ein avtale om industripartnarskap mellom Norgeog EU..
– Då skal eg fortelje om Spilka, og seie at vi har bedrifter i Norge som kan vere med å kutte Europa sine utslepp, lova statsråden under besøket.
Spilka har sjølv peika ut EU-marknaden som eit satsingsområde og tal frå Prognosessenteret viser at marknaden i Euroconstruct-området, som består av 19 EU-land, er anslått til 500-550 milliardar euro – mellom 5100 og 5600 milliardar norske kroner.
(saka held fram under)
– Kan godt hende vi har ein heit kandidat
Spilka-direktør Terje Bøe meiner bransjen har mykje å gå på når det kjem
til bærekraft. Som NETT NO omtala før besøket, ønsker bedrifta at Norge
skal sette seg mål om å bli eit føregangsland på grøne byggevarer.
Næringsministeren sa til NETT NO etterpå at han likte godt innspela om å sjå meir på livsløpssyklus og haldbarheit, enn kostnaden ved innkjøp.
– Det kan godt hende vi har ein heit kandidat, sa Vestre om moglegheitene for at byggevarer kan bli ei del av næringane som blir satsa på i eksportstrategien til regjeringa.
Skal auke eksporten
Spilka har i løpet av dei siste åra rulla ut nye løysingar for korleis
ein kan bygge både utvendig og innvendig med material som kan
gjenbrukast og har lang haldbarheit.
Bøe fortalde at konsernet har sett seg mål om å ha halvparten av inntektene deira skal kome frå eksport «innan få år».
Selskapet som er mest kjent for å ha utvikla H-vinduet, opplever no stor etterspørsel si nye fasadeløysing og har også lansert en ny metode for å bygge innvendige veggar.
Nye vekstmål
Spilka-sjef Terje Bøe fortalde fredag at selskapet hadde sett seg nye
vekstmål etter at dei har meldt på bedrifta til Scale-Up-programmet til
ÅKP.
I fleire år har dei hatt ei omsetning på kring 100 millionar, men no peikar pilane oppover. I 2022 siktar Spilka mot ei omsetning på drygt 150 millionar.
Om alt går etter planen, skal omsetninga vere tredobla ved utløpet av 2024.
Publisert: 28.05.2022 04:59
Sist oppdatert: 28.05.2022 04:16