Lang veg til målet
Ålesund kommune si satsing på utsleppsfrie byggeplassar er eit pionerprosjekt - men viser også kor langt lokalpolitikarane er unna sine eigne mål.
ANALYSE
På Flisnes i Ålesund skal Ålesund kommune byggje 16 omsorgsbustadar. Grunnarbeidet skal gjerast med tre elektrisk drivne anleggsmaskiner. Poenget er å kutte utslepp av CO2.
Det er ei kontrakt som anleggsbransjen helsar velkomen, og vil ha meir av for å skape ein marknad for elektriske drivne anleggsmaskiner.
Les også
Utfordringa er at det per i dag er dyrare å byggje utsleppsfritt. Kommunen reknar med at Flisnesprosjektet åleine kostar 2,65 millionar kroner ekstra på grunn av utsleppsambisjonane.
Heldigvis for kommunen har den fått to millionar kroner i støtte gjennom den såkalla Klimasatsordninga til Miljødirektoratet. Kommunen skriv og i søknaden om støtte, at den i dag ikkje kan «gå inn i prosjekter som medfører ekstra kostnader, som for eksempel kostnader for utslippsfrie maskiner».
Vonleg vil kommunen om nokre år ha fått ein betre økonomi og elektriske anleggsmaskiner blitt relativt billegare. Men politikarane kjem neppe unna at politisk vedtekne ambisjonar om å kutte CO2-utslepp, vil koste ekstra om måla skal nåast.
Difor er det synd at det første klimabudsjettet til Ålesund kommune, som blei lagt fram tidlegare i haust, seier lite om kostnadane.
Når det gjeld kommunale byggeprosjekt er målet at alle bygge‐ og anleggsplassar skal redusere bruken av fossilt drivstoff med 50 prosent innan 2023 og vere fossilfrie innan 2025.
Det første prosjektet kjem altså i gang no, og skal stå ferdig i 2024. Det politiske målet kan nåast, men at det skal skje innan 2025 er usannsynleg.
Poenget med å få kostnadane på bordet er at dei truleg blir så store at det krev heilt andre prioriteringar enn i dag. 2,65 millionar kroner i ekstrarekning berre på eitt prosjekt, der den utsleppsfrie delen av prosjektet er avgrensa til grunnarbeidet, fortel at det fort kan bli dyrt.
Den politiske plattformen til samarbeidspartnarane som utgjer fleirtalet i kommunestyret i nye Ålesund kommune, har eit mål om å kutte utslepp av CO2, metan og lystgass med 60 prosent innan 2030 samanlikna med nivået frå 2009.
Anslaget i klimabudsjettet for Ålesund som er lagt fram i år er at CO2-utsleppa i 2019 er omlag på 2009 nivå. (2019-tala er dei sist tilgjengleg, og byggjer på statistiske modellar).
Dei tre største utsleppskjeldene er vegtrafikk, søppelforbrenningsanlegget på Grautneset og sjøtrafikken.
Kommunen konkluderer sjølv med at den er langt unna kommunestyrefleirtalet sitt vedtatte mål:
«Dette er det første klimabudsjettet til Ålesund kommune, og vi har så langt det er mogleg tatt med tiltak som er planlagt og satt i gang. Konklusjonen er at vi med desse tiltaka er langt unna målet om 60 prosent reduksjon innan 2030, det er eit stort gap mellom målet og effekten av dei tiltaka som ligg i klimabudsjettet for 2022», heiter det i klimabudsjettet.
Kommunen vil heller ikkje kome i mål på eiga hand:
"Budsjettet viser tydeleg at kommunen åleine ikkje klarer å nå klimamåla. For å nå målet i 2030 må ein søke samarbeid med andre partar og myndigheiter. "
Publisert: 28.11.2021 06:00
Sist oppdatert: 29.11.2021 09:46