I forkant av Nor-Shipping-messa melde Brunvoll-konsernet at dei hadde sikra seg sin største kontrakt nokon sinne.
Det er ikkje tilfeldig. Utstyrsleverandøren er ein av mange av deltakarane på den store messa som har opplevd at ordrebøkene har fylt seg opp dei siste åra.
I løpet av dei siste fire åra har det maritime lokomotivet i Molde om lag dobla omsetninga.
Ambisjonane er større fortel Asmund Sætre. Han leiar arbeidet med forretningsutvikling og marknad hos utstyrsleverandøren som i fjor hadde ei omsetning på 1.9 milliardar kroner.
– Vi reknar med å bikke 2,3 milliardar i 2025 og har eit mål om å nå 4 milliardar i 2030, fortel han til Nett No.
Bygger ut og frigjer areal i Molde
Sætre er del av ei stor gruppe frå konsernet som denne veka er på plass på den maritime messa på Lillestrøm.
For å få plass til auka aktivitet har konsernet starta ein prosess med å utvide fabrikken i Molde. Dei ser også på korleis dei kan betre kapasiteten ved lokasjonane i Volda og Dalen.
– Vi bygger ut elektroverkstaden vår, som frigjer meir plass til produksjon. Vi ser også på korleis vi kan bruke ein del bygningsmasse vi tidlegare har leigd ut, seier Sætre.
Dei nye arealet vil gir samtidig gi plass for kursing av tilsette. Planen er å bygge ut vidare ved fabrikken i Molde.
Er på fleire enn 20 messer i løpet av året
Brunvoll-leiaren fortel at konsernet gjerne er på fleire enn 20 arrangement som Nor-Shipping i løpet av eitt år. Ein del arrangerer dei sjølve, andre blir det invitert til.
– Det er eitt av mange marknadsframstøyt vi gjer i løpet av eitt år, seier han.
Målet på «heimebane» under Nor-Shipping er å pleie relasjonar og samtidig utvide nettverket.
– Tidlegare reiste folk på messe for å lære om nye ting, eller sjå nye produkt. No finn dei gjerne slik på nettet i staden. No er vi litt tilbake til 1990-talets relasjonsbygging, legg Sætre til.
Kontrakt som følgje av ulike samarbeid
Han meiner det er viktig å vere til stades på arrangement som Nor-Shipping, men at det kan vere vanskeleg å måle betydninga av slik messedeltaking.
Ofte kjem kontraktar som ei resultat av fleire forhold.
– Den siste store kontrakten er eit samarbeid mellom agentane våre i Brasil, Hellas og Sør-Korea. Båtane skal operere i Brasil, er eigd av ei gresk reiarlag og skal byggast i Sør-Korea, forklarar han.
Publisert: 04.06.2025 09:19
Sist oppdatert: 04.06.2025 09:29






