Brodrene Aa Tor Oivind Aa Foto Marius Rosbach 22
FLEIRE FOLK. Dagleg leiar Tor Øyvin Aa starta å oppbemanne i Hyen i desember. Mange av dei som miste jobben i konkursen i fjor er no attende. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Brødrene Aa oppbemannar etter konkursen

Håpar å ha 80-100 tilsette i Hyen innan 2026 er omme.

21.01.2026

Hurtigbåtbyggjaren i Hyen byrja å ta inn dei første tilsette i desember i fjor. No er selskapet oppe i omlag 30 tilsette og planlegg å auke til 60 fram til våren.

Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30. mai i 2025. 168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som var den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.

Bakgrunnen for konkursen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen. Konkursen stoppa også fullføringa av ein båt til Fjord 1 og ein til reiarlaget Rødne.

No er ein av Norled-båtane under ombygging til Geiranger Fjordservice, og Fjord 1-båten under fullføring til nettopp Fjord 1. 

Starta på nytt
Målet er å få kjøparar også til dei tre siste båtane, og håpet er å ha auka talet på tilsette til omlag 80-100 mot slutten av 2026, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.

Etter konkursen, som omfatta både hovudanlegget i Hyen i Nordfjord og anlegget i Eikefjord i Sunnfjord, har Aa-familien gjort comeback på eigarsida, utan sine tidlegare kinesiske medeigarar.

Før konkursen var drifta i begge anlegga samla i eitt selskap. No er den organisert i ett selskap for Hyen og eitt for Eikefjord, der verksemda er reparasjonar, ombyggingar og vedlikehald. Mellom 30 og 40 er tilsett i Eikefjord, ifølgje Aa.

Glade for tilsette
Så langt er har det godt greit å rekruttere tilbake tidlegare tilsette, og Aa reknar med at det vil gå greit vidare fram mot våren.

– Det er vi veldig glade for seier han.

Publisert: 21.01.2026 05:00

Sist oppdatert: 21.01.2026 05:44

Mer om