-Det blir spennande, seier marknadsdirektør Kjell Godø Dyb i forsikringselskapet Møretrygd.
Få vekk alle lause gjenstandar og sjekk småbåtane er blant råda frå Dyb før stormen bryt laust. Selskapet har no forsterka beredskapen for å vere i stand til å ta i mot telefonar frå kundar som blir råka av stormen.
Møretrygd fryktar "Tor" kan bli like kraftig som "Dagmar", med vindkast på opp til 50 meter i sekundet og bølgjer på 12 meter.
Øydelagd skog, skada småbåtar og naust var øverst på lista over skadar i 2011. Det var og mange, men mindre skadar på hus og driftsbygningar. Den gongen var det stormflo då stormen råka, no blir det truleg fjøre. Det vil vonlegvis redusere naustskadane denne gongen, seier Dyb.
I Ålesund er hamna i ferd med å fyllast opp.
- Mange skip ønskjer å legge til her før uveret melder seg for fullt, seier hamneinspektør Kjell Marø ved Ålesund havn,
Ein av dei er Ulstein Vidaregåande skule.
Har aldri opplevd liknande på 27 år som skuleleiar, seier rektor.
Få vekk alle lause gjenstandar og sjekk småbåtane er blant råda frå Dyb før stormen bryt laust. Selskapet har no forsterka beredskapen for å vere i stand til å ta i mot telefonar frå kundar som blir råka av stormen.
Møretrygd fryktar "Tor" kan bli like kraftig som "Dagmar", med vindkast på opp til 50 meter i sekundet og bølgjer på 12 meter.
2,6 milliardar
Etter at "Dagmar" hadde herja med Nordvestlandet i jula 2011 kom skadane opp i 2,6 milliardar kroner. 1,3 milliardar vart dekt av forsikringsbransjen - som i praksis deler på kostnadane med slike uver. Resten, 1,3 milliardar kroner, måtte eigarane ta på eiga kappe.Øydelagd skog, skada småbåtar og naust var øverst på lista over skadar i 2011. Det var og mange, men mindre skadar på hus og driftsbygningar. Den gongen var det stormflo då stormen råka, no blir det truleg fjøre. Det vil vonlegvis redusere naustskadane denne gongen, seier Dyb.
Vindretninga avgjer
Vindretninga har mykje å seie for kvar skadene kjem. Blir det sydleg går det hardast føre seg inne i fjordane, medan vestleg vind slår hardast på kysten.I Ålesund er hamna i ferd med å fyllast opp.
- Mange skip ønskjer å legge til her før uveret melder seg for fullt, seier hamneinspektør Kjell Marø ved Ålesund havn,
Stengjer skulen
Fleire skular stengjer og sender elevane heim før uveret kjem,Ein av dei er Ulstein Vidaregåande skule.
Har aldri opplevd liknande på 27 år som skuleleiar, seier rektor.
Publisert: 29.01.2016 14:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52