Torstein Heggstad CEO Maritime Partner
ÅTVARA: Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad åtvarar om korleis han hadde opplevd prosessen med innkjøp av nye skip til forsvaret. Det er ei åtvaring som bør lukkast til. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Ei åtvaring frå næringa som må lyttast til

Verken nasjonen, eller industrien på Nordvestlandet, har råd til å mislukkast når det skal kjøpast inn nye skip til forsvaret.

Marius Rosbach
27.04.2025

ANALYSE: 

I løpet av det neste året vil det truleg blir avgjort korleis norske styresmakter skal bruke den største pengepotten til militære skip i moderne tid. 

I langtidsplanen for Forsvaret som blei lagt fram våren 2024 skal det kjøpast inn minst fem fregattar. I tillegg er det behov for 28 mindre fartøy av ulik storleik. 

Det er svimlande summer det er snakk om. Anslag for prislappen det kan koste det neste tiåret varierer ein plass mellom 200 og 300 milliardar kroner. 

Også i arbeidsplassar er det snakk om eit behov som er vanskeleg å ta innover seg. Eit anslag frå Menon Economics meiner sysselsettingseffekten kan utgjere drygt 56.000 årsverk. 

Til samanlikning utgjer dei samla maritime næringane her til lands kring 87.000 årsverk. 

Halvparten av sysselsettingseffekten er rekna å kome under sjølve bygginga, medan det resterande vil kome under vedlikhald og reparasjonar etterpå.

Rett nok vil arbeidet som kjem av oppdrag med å bygge nye skip til forsvaret, bli fordelt utover fleire år – og fleire regionar.

Nordvestlandet som eit tyngdepunkt for norsk verftsindustri, har alle moglegheiter til å kome vinnande ut av konkurransen om å sikre seg verdifulle kontraktar. 

Regionen har også eit mangfald underleverandørar som kan få oppdrag med alt frå teknologi, redningsutstyr og interiør som skal om bord i skipa. 

Men ingenting kjem av seg sjølve. 

Sjølv om det vil vere sterke politiske interesser for å plassere mykje av oppdraga hos verftsindustrien her heime, må anboda også vinnast. 

Og aller først må industrien vite kva forsvaret eigentleg er ute etter. 

Hjartesukket som Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad kom med i den nyaste episoden av Podium, er langt frå betryggande i så måte. 

Han åtvara mot at prosessen med å investere i nye norske forsvarsfartøy, i for stor grad blei gjort fråkopla næringa. 

Heggstad fortalde korleis aktørane i den maritime klynga var vande med å jobbe saman med kundane i sivile oppdrag. Då sett ein seg gjerne ned saman med dei som skal operere fartøya, og kjem i fellesskap fram til dei beste løysingane. 

Høyr Podium-episoden:

Podium

E1/S3 Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

I møte med forsvarsmarknaden opplever båtbyggjarane gjerne at juss og byråkratiske reglar får størst merksemd. 

Det er vel å merke oppretta eit innkjøpsforum for bransjen. Likevel opplever Heggstad det er vanskeleg å få snakka med dei som skal vere brukarane av fartøya. 

I møtet med byråkratiske organisasjonar som Det norske forsvaret opplever Heggstad at dei i staden møter dei ein innkjøpsansvarleg.

På spørsmål som kva slags behov dei har til fartøya, får dei gjerne til svar at dei vil ha «det beste». Eller dei blir spurt om kva dei kan tilby. 

– Det opplevast eit svart hol der vi puttar inn vårt forslag, også får vi ja, eller nei tilbake. Vi får ikkje den utviklingssamtalen på same måte, fortalde Heggstad under podcasten. 

Maritime Partner-sjefen sakna også ei forståing for kva kapasitet den maritime industrien her heime har framover. 

Selskapet opplever for tida sterk etterspurnad frå forsvarsmarknaden, og har sikra seg oppdrag med å bygge båtar for fleire europeiske land framover. 

Heggstad åtvara mot ei utvikling der «alle skal ha alt på likt». Då risikerer dei landa som har kome sist til bordet, å måtte vente på kapasitet – eller finne andre alternativ. 

Å bygge store volum utan å ha ein kjøpar i andre enden, såg Heggstad som umogleg.  

Ei ekstra utfordring med å bygge skip til forsvaret, er at ein ikkje kan rekruttere like breitt som i sivile oppdrag, og at det vil vere uaktuelt å tilsette personar med bakgrunn frå enkelte land.

Allereie i fjor vår fortalde kommandørkaptein Nils Nordstrand at han meinte det hasta med å ta ei avgjerd om kva fartøy det norske forsvaret skal satse på. 

Det er venta at norske styresmakter vil bestemme seg for fregattkjøp i løpet av året. Når det gjeld dei 28 standardiserte fartøya, er det skissert ei investeringsavgjerd tidlegast innan to år.

Kommandørkapteinen som var nestleiar for arbeidet med langtidsplan og utvikling i Sjøforsvaret, rådde også den maritime industrien her heime om å stå saman om dei overhovudet skulle kome i posisjon til å kapre betydelege kontraktar.

Ein må kunne seie at maritime klynga har vore på tilbodssida, med å vise forsvaret kva dei kan tilby. 

Kongsberg Maritime var tidleg ute med å tilby eit konsept for standardiserte fartøy, det sokalla Vanguard-prosjektet. Vard har også kome med sitt alternative design

Seinare har Kongsberg-konsernet gått saman med fleire verft om eit konsept for eit pilotfartøy – som ein også kunne selje til andre land. 

Alt dette er gode initiativ – og viser at den maritime industrien kan og vil levere. No er det opp til forsvaret å vere konkrete på kva dei treng – og opp til politikarane å gjere vedtak. 

Høyr Podium-episoden:

Podium

E1/S3 Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

Publisert: 27.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 27.04.2025 11:40

Mer om