– Vi kan stadfeste at vi har mannskap ute på fleire lokalitetar. Det er ein pågåande aksjon der vi har bistand frå Kystvakta, Økokrim, Fiskeridirektoratet og Skattetaten, sa kommunikasjonsrådgivar Erik Lieungh i Troms politidistrikt i ei pressemelding etter aksjonen for snart tre år sidan.
Hittil er berre ein person tiltalt og har fått prøvd si sak i rettsapparatet.
Han var vart heilt frifunnen i tingretten, men fekk ei bot for uaktsom feilrapportering av fangst og bokføring i lagmannsretten, ifølgje avisa Kyst og Fjord. Påtalemakta meinte det var snakk om grov fiskerikriminalitet, men det var retten ikkje samd i.
Så langt er ingen andre tiltalt, men no ser det ut til at påtalemakta meiner etterforskinga går mot slutten.
Tid frå september
Nord-Troms og Senja Tingrett, som skal vere domstol for den eller dei eventuelle rettsakene, stadfestar til Nett No at det er reservert tid i retten frå og med september og i 17 veker.
Dette er ei såkalla førehandsberamming, som blir gjort for å sikre at rettsakene kan kome i gang utan ytterlegare ventetid etter at det eventuelt blir tatt ut tiltale.
«Saken har ikke kommet inn til oss enda, slik at fra rettens side er det enn så lenge bare tale om at det er satt av tid og plass. Påtalemyndighet er Nord Statsadvokatembete og de har bedt retten sette av inntil 17 uker til saken», skriv domstolen i eposten.
Avviser skuldingar
Fjordlaks-eigar Anders Pedersen i Ålesund blei sjølv sikta, og sa til Fiskeribladet at «Hele den krigsliknende aksjonen oppleves som absurd».
Den store fiskeriaksjonen mot Karlsøybruket var óg tema i 2022 årsmeldinga til Ålesund-selskapet. Den vart skriven etter aksjonen i mars 2023. Styret viste til at dotterselskapet er sikta for brot på rekneskapsreglane og havressurslova i samband med storaksjonen mot fleire fiskeriaktørar i mars.
«På nåværende tidspunkt og basert på mottatt informasjon, er ikke selskapet kjent med at de siktede forhold har funnet sted», heitte det i årsmeldinga.
Les også
Fjordlaks-gründeren bekrefter at han ble arrestert i forbindelse med den store fiskeriaksjonen.
Ålesund-konsernet overgjekk sine eigne forventingar. Også fiskejukssaka er tema i årsmeldinga.
Publisert: 27.02.2026 16:12
Sist oppdatert: 27.02.2026 16:57






