Busengdal illustrasjon skjermdump youtube 11
VEKS: Busengdal med kraftig vekst i fjor. Skjermdump frå www.busengdal.no
Nytt

Rekordår for Busengdal

Stordal-entreprenøren har aldri før hatt større driftsinntekter eller betre resultat.

22.06.2021

Busengdal har på to år auka omsetninga med 54 millionar kroner og resultatet før skatt med over 20 millionar kroner.

2020 vart historias beste år for det Stordal-baserte selskapet som primært driv innnanfor anlegg og byggentreprenør.

I fjor enda omsetninga på 208,4 millionar kroner, og resultatet før skatt på 20,8 millionar.

Busengdal
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 208,4 176,2
Driftsresultat 22,2 16,4
Resultat før skatt 20,8 14,3

Nordøyvegen
Selskapet skriv i årsmeldinga at selskapet opererer i ein svært konkurranseutsett bransje, men at selskapet har gode føresetnader for å lukkast i å få oppdrag ettersom ein har eit breidt sortement av maskiner og utstyr og ein god arbeidsstokk med brei kompetanse innanfor byggentreprenørfaget.

Selskapet viser også til at ein gjennom arbeidsfellesskap med andre entreprenørar kan ein løyse store oppgåver som det elles hadde vore vanskeleg å løyse.

Blant anna er Busengdal 33,3 prosent eigar av selskapet Anlegg Nordvest, eit selskap Busengdal eig saman med ACO Anlegg og Opshaug Sandtak.

Anlegg Nordvest er den største underentreprenøren for Skanska i samband med bygging av Nordøyvegen, det hittil største infrastrukturprosjektet i Møre og Romsdal.

Busengdal Digernes
DIGERNES: Busengdal har vore sentral i utbygginga på Digernes. Foto: Ogne Øyehaug

Hybride anleggsmaskiner
Busengdal er no oppe i 107 årsverk.

Selskapet opplyser i årsmeldinga at ein ønsker å vere i framsetet i satsinga på berekraftig teknologi, og har blant anna i 2020 tatt i bruk anleggsmaskiner med hybrid og elektrisk driftsteknologi.

I tillegg til eigarskapen i Anlegg Nordvest, eig Busengdal 33,3 prosent av ABO Høvelservice i Ålesund og 40 prosent av Huna Sand i Sykkylven.

Utbyte
Selskapet eig også Gjermundnes Naturstein i Vestnes kommune.

Busengdal hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 28,1 millionar korner og ei langsiktig gjeld på 46,4 millionar.

Erling og Bjørn Busengdal eig halvparten kvar av selskapet, og kunne for 2020 ta seg ut eit samla utbyte på 14,5 millionar kroner.

Publisert: 22.06.2021 13:06

Sist oppdatert: 22.06.2021 13:06

Mer om