Busskontrakt for Hexagon Purus
Skal levere til italienske hydrogen-bussar.
Kontrakten med den europeiske bussprodusenten Solaris er på 6,4 millionar euro, omlag 75 millionar kroner.
Hexagon Purus skal levere tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i bussar som Solaris skal levere til bruk i Bologna i Italia.
Solaris har vore kunde hos Hexagon Purus i fleire år og har kjøpt hydrogentankar og -system til i alt nesten 200 bussar som brukar hydrogen som energiberar.
Stor vekst, tresifra minus
Hexagon Purus legg fram rekneskapen for 3. kvartal tysdag 7. november.
I første halvår i år hadde selskapet 574 millionar kroner i driftsinntekt og minus 305 millionar kroner i resultat før skatt. Tilsvarande tal for 1. halvår 2022 var 369 millionar i driftsinntekt og minus 243 millionar kroner i resultat før skatt.
Skilt ut
Hexagon Purus var tidlegare ein del av Hexagon Composites, før det blei skilt ut og børsnotert som eit eige selskap.
Hexagon Composites - med Flakk-familien som stor aksjonær - lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus lagar tilsvarande for hydrogen, men har også satsa på batteri- og løysingar system for bruk av batteri som energikjelde.
Begge selskapa har hovudkontoradresse i Ålesund.
Publisert: 24.10.2023 07:36
Sist oppdatert: 24.10.2023 07:42