Bygg om hotell til leilegheiter
STOR JOBB: Det er mykje å ta igjen før gamle Yris Hotell i Olden står fram med attraktive leilegheiter. Endre Muri har engasjert Aaland Arkitektkontor i Stryn til å finne gode løysingar. 
Nytt

Bygg om hotell til leilegheiter

Hotell som taper pengar bør vurdere å byggje om til leilegheiter, meiner næringssjef. Fersk hotelleigar Endre Muri er i gang. 

Ivar Myklebust Longvastøl
06.02.2014
- Eg vil ikkje øydeleggje for naboen min som driv Olden Fjordhotel, seier Endre Muri.
Han kjøpte tidlegare Yris Hotell i Olden for eitt års tid sidan og er no i gang med å planlegge ombygging til leilegheiter - kanskje så mange som 20 - aktuelle både for turistar, gjestearbeidarar og fastbuande.

Dårleg i nordvest

Talet på hotellovernattingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal gjekk nedover i 2013 (sjå faktaboks), og mange hotell har slite med underskot over fleire år.
Næringssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Heggheim, har sett nærare på tala for overnatting og servering.
- Verdiskapinga veks nominelt, men korrigert for inflasjon går ho tilbake. Dette er ikkje berre ei utfordring for dei som driv overnatting og servering, men for heile lokalsamfunn, seier Heggheim.

Vekst i byane

Belegget på hotella i Norge er stabilt, og Fjord Norge har ein vekst frå 2012 til 2013 (tala for begge åra er frå januar-november). Rogaland skil seg ut som det store vekstfylket, også her.
- Utfordringa er at veksten kjem i byane. Overnattingane flyttar seg frå distrikt til by. Saman med Ryfylke, Hardanger og store delar av Møre og Romsdal, er Sogn og Fjordane berre distrikt, seier Heggheim.
- Dessutan har vi flest internasjonale gjester målt i prosent av totalbelegget, og det finst ikkje ein stor lokalmarknad som kan vere med å kompensere for bortfall på andre område. Resultatet er ei hotellnæring som slit med raude tal i mange år, seier næringssjefen i Sogn og Fjordane.

Over på eigedom

Heggheim understrekar at der framleis er mange som driv godt. Hotel Alexandra i Loen er blant dei flinkaste i klassen, og av dei mindre hotella har til dømes Gloppen Hotell på Sandane utvikla ei nisje innanfor gardsmat som slår an.
Men hans erfaring er at mange ventar for lenge med å fornye seg.
- Dermed har ikkje eigarane krefter igjen, verken økonomisk eller mentalt, til å omstille seg.
- For dei som ikkje tener pengar på overnatting og mat, kan det vere eit alternativ å snu om til eigedomsutvikling. Frå personalintensiv til kapitalintensiv drift, meiner Heggheim.

Overtok Yris Hotell

Endre Muri (39) i Olden driv Olden Feriesenter med hytter og sightseeing, og han har ikkje tenkt å gje opp turismen, men gamle og ein gong ærverdige Yris Hotel skal få ei litt anna framtid.
Hotellet som også har gjort nytte som asylmottak, var i skrøpeleg forfatning då han overtok for om lag eit år sidan.
- Det første eg måtte gjere var å tette taket. Det lak som ein sil. No er eg i tenkeboksen, seier han.

Arkitekt på saka

Ei fullstendig renovering vil koste fleire millionar kroner. Hotellbygget har 39 rom og talet kan bli halvert, eller enda lågare. Muri har engasjert Aaland Arkitektkontor i Stryn til å utarbeide aktuelle løysingar, men han har ikkje avgjort kva han skal satse på.
Finansiering er også ei utfordring. Innovasjon Norge vil ikkje vere med på dette, seier Muri.

Nordfjord Kjøtt

- Det kan bli leilegheiter som passar for feriefolk, for gjestearbeidarar - Nordfjord Kjøtt har behov for hus til sine folk, men også til fastbuande. Det er litt for tidleg å seie, understrekar Muri.
Men ein ting er han klar på. Han skal ikkje drive tradisjonelt hotell og øydeleggje for Olden Fjordhotel.

I mange kassaapparat

Næringssjef Jan Heggeheim seier at meininga med å satse på reiseliv er at dei som kjem på besøk, dryssar pengar ned i mange andre kassaapparat, på bensinstasjonar, daglegvarebutikkar og hos dei som sel opplevingar.
- Mange lokalsamfunn hadde ikkje hatt dagens sørvisnivå dersom det ikkje var for sommarsesongen. Fleire stader er omsetnaden større i juli enn i desember, og det seier sitt. Ein nedgang i talet på besøkande har ein negativ verknad på lokalsamfunna våre og burde difor engasjere både fylke, kommunar og grendelag, seier Heggheim.

130.000 cruiseturistar

Olden er den nest største cruisehamna i Sogn og Fjordane med 130.000 besøkande i 2013, ei dobling frå året før. Endre Muri har fire små lokomotiv som han køyrer cruiseturistar i rundt om i Olden, med omvisarar som snakkar tysk, spansk og engelsk. Han ser også mulegheiter til å gjere meir ut av dette i samband med planane for Yris Hotell.

Ein nedgang i talet på besøkande har ein negativ verknad på lokalsamfunna våre og burde difor engasjere både fylke, kommunar og grendelag

Publisert: 06.02.2014 06:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31