Bygger fagmiljø for smartare produksjon
Masseprodusert skreddarsaum høyrest ut som ei sjølvmotseiing. Det er målet for eit nytt NTNU-senter.
Onsdag hadde det nye Gemini-senteret ved NTNU Ålesund sitt første fagseminar ved Sundebygget med ein rekke inviterte gjestar. Senteret skal bidra til å utvikle eit sterkare miljø for det som blir kalla kundetilpassa produksjon.
Jo Strandhagen er koordinator for senteret og fortalde at nyvinninga er ein modell for å jobbe saman for å skape meir robuste fagmiljø.
– Målet er å bli enda betre ved å jobbe saman på denne måten, fortalde han.
Det nye Gemini-senteret skal både vere ein arena for deling av kunnskap. Samtidig skal dei arrangere årlege fagseminar og peike på nye aktuelle forskingsaktivitetar.
Digitalisering gir større moglegheiter
Kundetilpassa produksjon dreiar seg om korleis kvart enkelt produkt kan bli tilpassa kunden sine ønsker og behov.
«Masseprodusert skreddarsaum», kalla Strandhagen metoden – som kan høyrest ut som ei sjølvmotseiing. Auka digitalisering er mellom utviklingstrekka som gjer det enklare å ha tilpasse produksjonen på denne måten.
– Teknologien gjer det mogleg å drive produksjon i eit høgkostland som Norge, påpeika Strandhagen.
Stort potensial for fleire bransjar
Potensialet for kundetilpassa produksjon er spesielt stort innan skipsbygging, olje- og gassindustri og maritim industri. Samtidig er det eit aukande behov innan alt frå helseindustrien til møbelproduksjon.
Det kan også vere stort potensial i fiskeindustrien – der ulike kundar gjerne vil ha ulike delar av fisken og ulik kvalitet.
Det nye Gemini-senteret er eit samarbeid mellom Sintef Digital, institutt for havromoperasjonar og byggteknikk i Ålesund og institutt for maskinteknikk og produksjon i Trondheim.
Les meir om senteret (ekstern lenke)
Publisert: 13.12.2023 15:06
Sist oppdatert: 13.12.2023 15:06