Rakel Skram Aasen Håkon Vestnes Henrique M Gaspar Jose Jorge Garcia Agis Foto Ulstein Group 11
ARBEIDSMØTE: Partnarane i forskingsprosjektet var nyleg samla til arbeidsmøte i Ulsteinvik. Frå venstre: Rakel Skram Aasen som er prosjektleiar i PLM, Håkon Vestnes som er teknisk løysingsarkitekt for PLM i Ulstein, Henrique M. Gaspar som er prosjektkoordinator for NTNU i Ålesund og Jorge Garcia Agis som er prosjektkoordinator i Ulstein Group. Foto: Ulstein Group
Nytt

Forskar fram framtidas måte å bygge skip på

NTNU i Ålesund og Ulstein Group leier prosjekt med rekordløyving frå EU.

Marius Rosbach
24.02.2023

To verft, tre programvareselskap og tre universitet er med på eit stort EU-støtta prosjekt som no er i oppstarten. Målet er at dei i løpet av dei neste fire åra skal finne ut korleis skipsindustrien bør jobbe i framtida.

Tildelinga frå EU sitt Horizon Europe-program er det største nokon gong til eit prosjekt som er leia frå NTNU i Ålesund. Meir enn 30 millionar kroner vart i fjor tildelt den norske delen av prosjektet som blir leia av professor Henrique M. Gaspar ved instituttet for havromsoperasjoner og byggteknikk.

Han nøler ikkje med å kalle det ein milepåle. Totalbudsjettet for arbeidet er på over 90 millionar kroner, og prosjektgruppa er no i gang med arbeidet.

– Hovudmålet er å gjere europeisk skipsbygging meir effektiv og konkurransedyktig, fortel han til NETT NO.

For å kome dit tenker dei kort fortalt å ta i bruk digitale verktøy og kunstig intelligens i ein ny plattform for skipsbygging.

Hovudmålet er å gjere europeisk skipsbygging meir effektiv og konkurransedyktig
Henrique M. Gaspar

Synergiar mellom industri og akademia
Arbeidet involverer aktørar frå fem land, og dei norske deltakarane får kring 38 prosent av midlane som er sett av.

Jorge Garcia Agis i Ulstein Group påpeiker at prosjektet vil vere svært viktig for konsernet, og konkurransekrafta deira i prosjektering og skipsbygging framover.

Agis har ein doktorgrad i skipsprosjektering og til dagleg viseadministrerande direktør i Ulstein International. No er han ein av åtte personar i prosjektgruppa og koordinerer arbeidet inn mot prosjektet.

I arbeidet skal dei nytte synergiar mellom akademia og industrien, og Agis fortel at prosjektet er eit nytt steg i samarbeidet mellom NTNU-instituttet og Ulstein Group.

EU hovedkvarter Brussel foto NTNU 11
Forskingsprosjektet NTNU i Ålesund og Ulstein Group jobbar med, har fått støtte frå EU sitt program for å finansiere forsking, kalla Horizon Europe. Så langt har norske aktørar henta inn nær fem milliardar kroner i støtte (les meir under). Foto: NTNU

Får store summar frå EU til forsking

Forskingsprosjektet NTNU i Ålesund og Ulstein Group jobbar med, har fått støtte frå EU sitt program for å finansiere forsking, kalla Horizon Europe.

NTNU og Ulstein Group fekk meir enn 30 millionar til sin del av arbeidet med prosjektet kalla The Smart European Shipbuilding project (SEUS).

Totalt har EU-programmet eit budsjett på meir enn 95 milliardar kroner fram til 2027.

Norske forskarar og bedrifter har henta inn støtte på nær fem milliardar kroner frå EU-programmet, melde regjeringa nyleg. Det er langt over måla som var sett på førehand og plasserer Norge på 8. plass over kva land som har fått mest støtte.

691 ulike norske organisasjonar har til no delteke i programmet. Instituttsektoren står for 35 prosent, universitets- og høgskulesektoren for 25 prosent, næringslivet for 21 prosent, offentleg sektor for 3 prosent og helseføretak for 2 prosent.

Plattform for skipsbygging
Støtta frå EU-programmet utgjer langt meir, enn ved tilsvarande tildelingar frå norske styresmakter.

EU kan støtte opptil 70 prosent, medan eit slikt prosjekt i Norge, ville maksimalt fått mellom 25 og 50 prosent dekning av kostnadene.

– Denne støtte er viktig for oss, og bidreg til å senke risikoen ved vårt bidrag. Men det er berre ein av fleire fordelar konsernet ser med å delta, seier Agis.

– Vi ser føre oss å bygge ein plattform som kan gi Ulstein ein konkurransefordel internasjonalt. Vi forsøker komme fram til ein struktur for korleis vi skal jobbe dei 10-15 neste åra, legg han til.

ULSTEIN THOR og ULSTEIN SIF Illustrasjon Ulstien Group 11
THORIUM-PROSJEKT: Ulstein Group er involvert i fleire prosjekt om framtidas skipsbygging. Her ein illustrasjon på eit skip med thoriumreaktor. Illustrasjon: Ulstein Group

Digitale verktøy og kunstig intelligens
NTNU-professor Henrique M. Gaspar trekker opp dei store linjene for å forklare hva sjølve arbeidet går ut på. På 1970-tallet vart skipa gjerne teikna på papirrullar på golvet. Så kom 1990-talet med ulike CAD-verktøy – ei forkorting for «computer aided design».

– No forsøker vi gå eit steg vidare der vi ser på korleis vi med digitale verktøy og kunstig intelligens kan integrere skipsingeniøren tettare inn i arbeidet.

Bil- og flyindustrien har kome lengre enn den maritime bransjen med å digitalisere produksjonen. Årsaka er mellom anna meir standardisering.

Arbeidet med prosjektet som blir leia frå Ålesund og Ulsteinvik, er eit forsøk på å gjere europeisk skipsbygging meir konkurransedyktig, ved å følgje det same sporet.

– På sett og vis kan du seie at når vi designar båten, så bygger vi den samtidig, legg Gaspar til.

Kan bygge vidare på digital tvilling
Digitalisering av skipsbygginga betyr også til ein kvar tid ha oversikt over alle delar når skipet vert bygd på verftet.

– Alt skal bli digitalt, frå konstruksjon til operasjon. Når skipet går frå verftet vil vi kunne følgje det. Om det trengst ein modifikasjon seinare, så kan vi hjelpe dei med det, seier NTNU-professoren.

Når heile prosessen blir digitalisert gjennom design, vil verftet ha ein digital tvilling av båten. Det kan dei bygge vidare på i arbeidet med andre nybyggingsoppdrag.

IDC pris Ulstein Group årets industridesignselskap Foto Tone Molnes IDC
DESIGN-PRIS: Ulstein Group sine skipsdesign har gjort seg bemerka på fleire vis tidlegare, ikkje minst med X-Bow-løysinga. Her får sjefdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg pris for årets industridesignselskap ved IDC-konferansen på Giske. Foto: Tone Molnes/IDC
Målet er å klare og konkurrere med aktørar i andre land som kan ha lågare kostnader enn oss, ved å tilby noko anna
Jorge Garcia Agis

Skal takast i bruk frå 2024
For eit fullintegrert konsern som Ulstein Group, er det naturleg ekstra interessant å ha blikk på heile prosessen. Med alt frå eige designselskap til installasjonsavdeling og eige verft, skil dei seg frå mange av konkurrentane.

– Målet er å klare og konkurrere med aktørar i andre land som kan ha lågare kostnader enn oss, ved å tilby noko anna, fortel Jorge Garcia Agis.

No er forskingsprosjektet i gong med analysearbeidet og skal mellom anna ha ei samling i Norge i mai. Då vil kring 20-30 personar bli floge inn til Sunnmøre frå heile Europa for å jobbe intensivt saman.

Den første innføringa på sjølve verfta skal etter planen skje i 2024.

Publisert: 24.02.2023 10:47

Sist oppdatert: 24.02.2023 21:20

Mer om