Tore Ulstein Torbjørn Krogen foto Marius Rosbach 11
ÅLESUND: Ulstein Group-eigar Tore Ulstein og Solwr-sjef Torbjørn Krogen deltok på lanseringa av det nye masterstudie ved NTNU Ålesund. – NTNU har vorte svært viktig for utviklinga av Ålesund som by, på ein måte eg ikkje hadde sett føre meg, sa Ulstein etterpå. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Eg ville satsa på denne linja

Oppstarten av det første sivilingeniørstudiet i Ålesund blir svært godt motteke av næringslivet.

Marius Rosbach
24.11.2023

Neste haust startar NTNU i Ålesund eit nytt masterprogram i mekatronikk og automatisering. Utdanninga blir det første sivilingeniørstudiet ved Campus Ålesund og blei offisielt lansert ved Sundebygget fredag.

Eit panel med representantar frå maritim industri, akademia og helseføretaket, lovprisa satsinga.

– Eg ville satsa på denne linja om eg hadde vore student i dag, sa Tore Ulstein til studentane som hadde samla seg i foajeen i studentbygget.

Trur studentane vil vere ettertrakta
Ulstein Group-eigaren som sjølv har ein doktorgrad frå NTNU, meiner studentane som om nokre år går ut frå masterutdanninga, vil vere svært ettertrakta på arbeidsmarknaden.

Solwr-sjef Torbjørn Krogen, som var mellom dei som deltok på lanseringa, er samd. Han påpeikar at dei allereie har rekruttert ein stor del tilsette frå NTNU.

– Svaret er eit absolutt ja, sa han på spørsmål frå instituttleiar Hans Petter Hildre på om it-bedrifta hans ville være interessert i å tilsette masterstudentane.

Det same var svaret frå både verftskonsernet Vard, den maritime utstyrsleverandøren Brunvoll - og Andreas Fagerhaug Dalen som jobbar ved Ålesund Biomechanics Lab på Ålesund sjukehus.

NTNU lansering sivilingeniørstudie sundebygget foto marius
LANSERING: Representantar frå næringsliv, akamedia og helseføretaket tok godt i mot det nye studiet som kjem på NTNU neste haust. Foto: Marius Rosbach

Merkar allereie interessa
Instituttleiar Hans Petter Hildre innleia seansen med å fortelje om utdanninga og kunne fortelje at dei allereie merkar interessa for det nye masterstudiet.

– Vi har fått høyre at vi er på topp fem over studiar som har fått merksemd i NTNU-systemet, allereie før programmet er lansert, sa han.

Hildre meiner den teknologiske utviklinga med automasjon og kunstig intelligens, vil endre utdanningsinstitusjonane si rolle. I den samanheng vil slike type studie vere heilt sentrale, meiner Hildre.

NTNU sivilingeniørstudie Øivind Kjerstad foto Marius Rosbach 11
TO RETNINGAR: Det nye masterstudiet har to ulike retningar, forklara Øivind Kjerstad, som er koordinator for programmet. Foto: Marius Rosbach

To ulike retningar
Utdanninga vil ha to retningar: Robotikk og intelligente system, og maritime system. Kvar retning vil ha 14 studieplassar.

Utdanninga ville vere praktisk lagt opp ved at studentane får jobbe mykje på lab med å skape ting – og ha praksis ute i næringslivet.

Undervegs vil studentane mellom anna kunne samarbeide med industrien for å utvikle mekatroniske system – ei fagretning som kombinerer mekanikk, elektronikk og datateknikk.

Les meir om studie her (ekstern lenke)

Publisert: 24.11.2023 15:14

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:20

Mer om