Byggjer landets stoerste vaskeri
INDUSTRI: Nor Tekstil vaskar kring 200 tonn tøy dagleg på 19 anlegg i Norge. Moderne maskinar er avgjerande for å henge med i konkurransen. 
Nytt

Byggjer landets største vaskeri

Nor Tekstil AS investerer 280 millionar kroner og byggjer landets største vaskeri. 

Ivar Myklebust Longvastøl
14.05.2014
Vaskerikjeda med hovudkontor i Florø la nyleg fram rekneskapen for 2013, som viser ein solid auke i driftsinntekter. Resultatet er likevel svakare enn året før, på grunn av auka lønskostnader og større avskrivingar. Eigarane tok eit utbyte på 20 millionar kroner.
Med ein omsetnad på nesten 800 millionar er Nor Tekstil Norges største vaskerikjede med kring 30 prosent av den norske marknaden på 2,3 milliardar kroner (sjå faktaboks).

Store investeringar

Nor Tekstil investerer 140 millionar kroner i bygg, maskinar og utstyr i eit nytt vaskeri i Drammen, som vert landets største, og vil stå ferdig hausten neste år. Kjeda byggjer også nytt utanfor Trondheim sentrum, ei investering på om la same storleik, og dette anlegget vert teke i bruk denne hausten.
- Vi ser for oss vidare vekst dei neste åra. Marknaden aukar, og vi ser også for oss at Nor Tekstil vinn marknadsdelar i konkurranse med andre vaskeri. Vi legg vekt på investeringar i maskinar og teknologi som aukar konkurransekrafta vår ytterlegare, og som også medverkar til å redusere miljøutsleppa, seier administrerande direktør og styreleiar Leif Gunnar Belsvik.

Starta i Florø

Ester og Rolf Belsvik starta med Sunnfjord Vask og Rens i 1970. Gjennom oppkjøp og fusjonar driv familien i dag 19 industrivaskeri frå Bodø til Kristiansand og har i tillegg fire butikkar som sel arbeidstøy, fritidstøy og verneutstyr.
Det var avgjerande for veksten i Florø at vaskeriet fekk ein stor kontrakt med Statoil, på vasking av tøy til plattformene i Nordsjøen. Brørne Leif Gunnar (46) og Ove Egil (48) og mora Ester har vore sentrale i utviklinga av Nor Tekstil – som ved utgangen av 2013 hadde 695 tilsette. 35 fleire enn året før.
Offhoreindustrien er framleis ein viktig kunde for vaskeria på kysten, men aller størst i dag er sjukehus, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar. Nor Tekstil er store på hotell, og næringsmiddelindustrien og forsvaret står også på kundelista.

Ventar betre prisar

Styret skriv i årsmeldinga at ”ved aktiv markedsutvikling og økt outsourcing av vaskeritjenester, antas det at markedet vil øke i årene som kommer.”

Samstundes vert det påpeika at konkurransen er hard, og det er usikkert korleis det vil slå ut på Nor Tekstil sine resultat framover. Føresetnaden for betre resultat, er at marknadsprisane aukar og at det vert gjennomført ytterlegare tiltak som reduserer kostnadene, skriv styret.
Styret meiner at fallande marknadsprisar er eit direkte resultat av overkapasitet kombinert med utstrekt innkjøpssamarbeid. Dagens prisnivå gir bransjen som heilskap avgrensa høve til å gjennomføre reinvesteringar i maskinar og utstyr – og styret reknar difor med at prisane vil auke på lengre sikt, går det fram av årsmeldinga.
Marknaden aukar, og vi ser også for oss at Nor Tekstil vinn marknadsdelar i konkurranse med andre vaskeri

Publisert: 14.05.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33