Bytta bort kua med film
FJØSIWOOD: Eksbonde Steinar Hilde i Innvik har gjort gamlefjøsen om til filmstudio.
Nytt

Bytta bort kua med film

Steinar Hilde har aldri vore meir i fjøset enn etter at han blei eks-bonde. Les kva han driv på med der.

05.02.2015
Allergien gjorde slutt på bondekarrieren. Steinar Hilde blei rett og slett sjuk av å stelle kyr. I ei årrekkje hadde han vore i full stilling i Hilde fellesfjøs i Innvik, ei av dei første samdriftene i norsk jordbruk.
Fellesfjøsen starta i 1973 og er i drift den dag i dag. Hilde er framleis partnar, men gav seg i fjøset i 2006.

Satsa på film

No har har han gjort hobbyen til leveveg, og er attende i fjøset på heimegarden. Det vart ståande tomt då fellesfjøsen vart bygd, og då den opphavleg hobbyen vaks seg ut av bustadhuset kom Hilde på at det kunne bli ny drift i fjøset.
Hilde har spesialisert seg på å digitalisere gamle filmar, og no fyller avspelingsmaskiner til alle tenklege filmformat kontoret han har innreidd bak dei tjukke fjøsveggane. Når maskinen går for fullt og kopierer filmane over på data, må han opne døra til naborommet og det vesle filmutstyrshistoriske museumet han har innreidd der for å halde varmen nede.

God drahjelp

Både private og profesjonelle kundar, som museum, brukar Hilde sitt filmstudio.
Flaks sikra han ein rakettstart då han satsa på filmdigitalisering på heiltid i 2012. TV-programmet Norge Rundt hadde fanga opp verksemda hans, og reportasjen frå filmfjøsen utløyste ein veldig pågang av folk som ville ha sine gamle filmar over på data.
- Det var 900.000 som hadde sett på den fredagkvelden. Eg brukte fleire veker på å svare på alt, seier han.
Firmaet til Hilde, Filmdigitalisering as, er framleis i startfasen. Siste tilgjengleg reknskapsår (2013) viste knappe 600.000 kroner i driftsinntekter, og Hilde meiner målet må vere å ligge mellom ein og 1,5 millionar kroner i driftsinntekter for å få ei god lønsemd.

Satsar på filmproduksjon

Han jobbar med å skaffe seg eit nytt bein å stå på, produksjon av lokalhistoriske filmar for alt frå bygdelag til bedrifter. Grunnlaget er gamle bilete og filmklipp, kombinert med filmopptakt frå i dag.
Materialet av gamle filmar som kan digitaliserast er ikkje uuttømeleg, og det blir ikkje laga film på med den teknologien lenger, så den marknaden vil på eit eller anna tidspunkt tørke ut.
- Eg har nettopp laga historisk film for Skogstad Sport, frå tida frå 1930 til dag, seier Hilde.
Å dokumentere samtida med film er lettare enn nokon gong, men å samle, sette saman og lagre alt folk filmar for ettertida blir forsømt.
- Eg er fortvila over kor lite folk dokumenterer, seier Hilde.
Det var 900.000 som hadde sett på den fredagkvelden. Eg brukte fleire veker på å svare på alt

Publisert: 05.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40