Age Remoy Lars Conradi Andersen foto Marius
MEDVIND: Eigar Åge Remøy (t.v.), reiarsjef Lars Conradi Andersen og dei andre i Rem Offshore la bak seg eit rekordår i fjor. Også 2025 ser lovande ut, sjølv om verda er meir uroleg, fortel Conradi Andersen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Rem Offshore med nytt rekordår - og har selt eitt av skipa

Reiarlaget har aldri tent meir pengar enn i fjor. I år får dei gevinst på PSV-sal til Brasil.

Marius Rosbach
13.05.2025

Herøy-reiarlaget Rem Offshore hadde eit fjorår med rekordhøge inntekter og overskot. 

Då reiarsjef Lars Conradi Andersen deltok på Leverandørkonferansen i Ulsteinvik førre veke, viste han fram tal som viste at Rem Offshore auka inntektene med nær 40 prosent i løpet av 2024. 

– Det var eit rekordår på dei fleste måtar, fortel Conradi Andersen til Nett No i etterkant. 

– Pilane har peika jamt oppover
Omsetninga enda kring 1,8 milliardar – opp frå snaue 1,3 milliardar året før. Ebitda-resultatet (før det er trekt frå renter, avskrivingar og skatt) blei 1,1 milliardar kroner. 

Årsresultatet etter skatt enda kring 650 millionar. Det er nær ei dobling frå året før då overskotet vart 342 millionar - og inkluderer ikkje reiarlaget sine tre vindskip som ligg i eit eige konsern. 

– Pilane har peika jamt oppover det siste halvanna til to åra. Vi opplever no at det er relativt stabilt, men utan den same veksten, seier Conradi Andersen om utviklinga. 

Lars Conradi Andersen Åge Remøy foto marius
FLEIRE SKIP: Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen og eigar Åge Remøy framfor Rem Power då skipet blei døypt i Ålesund. Vindskipet er mellom dei som sikra reiarlaget gode inntekter i fjor. Foto: Marius Rosbach

Fekk kring 250 millionar i gevinst på PSV-sal
Rem Offshore hadde 19 skip i flåten i fjor – og var då større enn «gamle» Rem var før offshorekrisa slo til for om lag ti år sidan. Reiarlaget har samtidig tre nye skip under bygging. 

Det er noko av årsaka til at dei nyleg selte PSV-en Rem Supporter til Brasil, med ein «fin gevinst», ifølgje Conradi Andersen. 

– Vi jobbar med å fornye flåten og få ned utsleppa våre, også er det viktig å ta litt forteneste når ein kan ved å selje skip som er litt eldre, legg han til. 

Reiarsjefen fortel at salet gir ein gevinst på kring 250 millionar kroner. 

Rem Supporter blei levert frå Vard Brevik-verftet i 2010. Skipet var tidlegare ein del av K-Line under namnet KL Supporter, og blei kjøpt av Herøy-reiarlaget i 2022. 

Det ligg an til at vi skal få eit godt 2025, men verda er meir uroleg
Lars Conradi Andersen

Trur på godt 2025 – men meir uroleg framover
Reiarsjefen er naturleg nok nøgd med resultata. Rem Offshore har også sikra seg ein ordrereserve på heile 5,5 milliardar kroner. I tillegg har dei opsjonar på kring tre milliardar. 

Samtidig påpeiker Conradi Andersen at dei venter meir uroleg farvatn framover. 

– Det ligg an til at vi skal få eit godt 2025, men verda er meir uroleg og pilane peikar ikkje like bratt opp som dei gjorde for eitt år sidan. 

Rem Offshore-sjefen peikar på moglege tollbarrierar, proteksjonisme og prisnivået på olje som faktorar som skapar usikkerheit framover. 

– Men vi er heldigvis ikkje prisgitt kva veg børsen går dag for dag, legg han til. 

– Forsøker å finne løysingar i det maritime clüsteret
Med to subseaskip og eit vindskip under bygging manglar det ikkje på ting å henge fingrane i. 

Arbeidet med skroget til det første subseaskipet – som vil få namnet Rem Pioneer - starta i fjor haust ved Song Cam-verftet i Vietnam. Myklebust Veft skal utruste skipet som skal vere ferdig sommaren 2026. 

Sande-verftet har óg oppdraget med å levere det neste skipet til reiarlaget. Det skal heite «Rem Ocean» og sikra reiarlaget ein kontrakt med Equinor på åtte år, den mest verdifulle nokon gong

– Vi ønsker å vere ein bidragsytar til det lokale næringslivet, og forsøker å finne løysingar i det maritime clüsteret vi er ein del av, seier Rem Offshore-sjefen.

Conradi Andersen opplever at dei andre store reiarlaga tenker i same bane, og meiner det er avgjerande for å halde den industrien i klynga levande. 

– Vi minnar samtidig alltid leverandørane våre om at det er ein konkurranse, og pris vil alltid vere viktig, legg han til.

Publisert: 13.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 12.05.2025 23:43

Mer om