Tysdag ettermiddag kom Høgsterett med si avgjerd, der dei avviser anken frå den tidlegare eigaren av Kleven-verftet.
Det melder NRK Møre og Romsdal.
Tomislav Debeljak vart dømt til å betale kring 120 millionar kroner for å ha oppført seg aktlaust på ein slik måte at verftsselskapa gjekk konkurs sommaren 2020.
Med avslaget frå Høgstrett er dommen frå lagmannsretten rettskraftig. Heller ikkje forsikringsselskapet Tryg si anke kom gjennom nålauget til Høgsterett.
– Det set ein endeleg punktum for ei ganske krevjande og langdryg sak der det har vore mykje på spel frå buet si side, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre til kanalen.
Han reknar med at det kan bli krevjande å få inn pengane frå den kroatiske forretningsmannen, men fortel at dei er i ferd med å engasjere advokatar i Kroatia for å hjelpe buet.
Ein rekke leverandørar på Nordvestlandet er mellom kreditorane som no kan få tilbake noko av pengane dei tapte.
Publisert: 13.05.2025 16:22
Sist oppdatert: 13.05.2025 22:35






