Børsdagen: Aksjenedtur for Statt Torsk
Aksjekursen meir enn halvert på eitt år.
Aksjekursen i Statt Torsk fall 0,88 prosent, til 1,12 kroner aksjen i dag. Det er den lågaste sluttkursen sidan selskapet vart børsnotert i april 2021.
Rett etter børsnotering var kursen oppe i 3,30 kroner aksjen, men sidan har trenden vore negativ fort Statt Torsk-aksjonærane.
Hittil i år har er børsverdien redusert 34 prosent og siste 12-månadersperiode 57 prosent, og torskeoppdretteselskapet er i dag verdsett til 238 millionar kroner på børsen.
Nortel vart dagens børstapar blant børsnoterte selskap på Nordvestlandet, men kursen er framleis over nivået frå før selskapet melde at det hadde potensielle friarar på døra.
I den andre enden av skalaen i dag er Eqva, med ein kursauke på 9,66 prosent.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,18 | 9,66 % |
Hexagon Purus | 26,52 | 3,51 % |
Endúr | 43,50 | 3,30 % |
Atlantic Sapphire | 5,43 | 1,69 % |
Hav Group | 11,16 | 0,54 % |
Salmon Evolution | 7,72 | 0,39 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,10 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 81,54 | -0,23 % |
Statt Torsk | 1,12 | -0,88 % |
Hofseth Biocare | 2,90 | -1,36 % |
Havila Shipping | 15,04 | -2,21 % |
Hexagon Composites | 34,82 | -2,36 % |
Norva 24* | 29,92 | -2,60 % |
Havila Kystruten | 9,40 | -3,69 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | -6,78 % |
Nortel | 30,00 | -8,54 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 21.03.2023 17:20
Sist oppdatert: 21.03.2023 17:21