Gyrid Skalleberg Ingerø Geir Håøy Kongsberg Gruppen foto Ogne
KURSAUKE: Finansdirektør Gyrid Skalleberg og konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen under ein resultatpresentasjon. Innfelt kursutvikling hittil i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Aksjeopptur på krig

Kursen til Kongsberg Gruppen illustrerer kva aksjemarknaden trur blir konsekvensane av krigen i Ukraina.

24.03.2022

I dag er det ein månad sidan Russland starta det militære angrepet på nabolandet Ukraina. Rett før krigen kom vart aksjar i Kongsberg Gruppen handla til 285 kroner aksjen. 2. mars var kursen oppe i 337 kroner og i dag var sluttkursen 351,80 kroner aksjen, etter ein auka på beskjedne 0,34 prosent frå onsdag.

Kongsberg Gruppen har aldri vore meir verdt. Kongsberg Gruppen er stor utstyrsleverandør til skipsfart, men også ein våpenprodusent, og no skal det rustast opp.

Det er vanskeleg å forklare kursauken sidan 24. februar som noko anna enn ein reaksjon på krigen.

For den norske staten, som eig halvparten av aksjane i Kongsberg Maritime utgjer verdistiginga på Kongsberg-aksjane den siste månaden omlag seks milliardar kroner.

Kongsberg-oppturen i aksjemarknaden er ikke noko særsyn. Det amerikanske selskapet Aerovironment har til dømes stige 70 prosent i verdi sidan krigen starta. Aerovionment lagar mellom anna våpenet Switchblade som USA leverer til ukrainarane. Det er eit ubemanna og fjernstyrt fly, med ei sprengladning i, på berre 2,5 kilo. Utstyrt med kamera blir det fjernstyrt og styrta inn i målet fleire kilometer utskytinga.

Fleire aksjar i selskap på Nordvestlandet var blant taparane på Oslo Børs i dag.

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services fall 5,63 prosent. 3. mars var kursen oppe i to kroner aksjen. Etterpå at det gått nedover i rykk og napp, til 1,34 kroner i dag. Det er likevel 78,7 prosent oppgang sidan årsskiftet.

Hexagon Composites fall 5,33 prosent, Smartcraft 4,1 prosent, Hexagon Purus 3,1 prosent og Statt Torsk 2,6 prosent.

Størst børsopptur blei det for Nortel (2,7 prosent), og Endúr og Hofset Biocare (begge 2,5 prosent opp).

Publisert: 24.03.2022 17:25

Sist oppdatert: 24.03.2022 22:42