Roger Hofseth med smolt Tafjorrd foto Marius
SOLID VEKST: Roger Hofseht leiar konsernet som fekk ei kraftig auke i inntektene i fjor. Ei omsetning på 6,5 milliardar er ny rekord. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hofseth håva inn 800 millionar meir i fjor

Rekordomsetning og finanssmell for konsernet i fjor. Jobbar med refinansiering.

Marius Rosbach
04.07.2025

Hofseth International fekk ei kraftig auke i omsetninga i fjor viser konsernrekneskapen. 

Driftsinntektene skaut opp kring 800 millionar frå 2023, og stoppa først på nær 6,5 milliardar. 

Det er ny rekord for konsernet som i hovudsak driv med oppdrett, fiskeforedling og eksport frå hovudkontoret i Ålesund. Roger Hofseth og den japanske forretningspartnaren Yokohama Reito er dei største eigarane. 

Frå sjølve drifta leverer konsernet framleis eit solid overskott på 423 millionar – om lag 100 millionar ned frå 2023 (sjå tabell under).

At resultatet før skatt likevel hamnar på minussida med knappe 23 millionar, har med finanspostane å gjere. 

Hofseth International As (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt6.4885.684,3
Driftsresultat423,9529,1
Resultat før skatt-22,7222,9

Jobbar med refinansiering
Konsernrekneskapen viser rente og finanskostnader på over ein halv milliard kroner. 

Egenkapitalen for Hofseth-konsernet var på nærare to milliarder kroner ved utløpet av 2024. 

Samtidig var den renteberande gjelda på nær 2,9 milliardar kroner. I underkant av 1,9 milliardar var langsiktig gjeld og 1 milliard kortsiktige driftskredittar, opplyser styret i årsmeldinga. 

Høgare råvareprisar aukar finansieringsbehovet for arbeidskapitalen i konsernet, og det blir jobba med å refinansiere delar av gjelda, skriv styret.

Tidlegare i år blei det kjent at konsernet har etablert eit usikra obligasjonslån, og det er opplyst at pengane skal nyttast til å utvikle det lukka oppdrettskonseptet Egget og selskapet Nekst. 

Det er også årsaka til at konsernrekneskapen er gjort offentleg, via ei børsmelding tidlegare i veka. 

Egget lukka oppdrett foto Hofseth 11
LUKKA OPPDRETT: Hofseth-konsernet har investert betydeleg i å utvikle lukka anlegg for oppdrett. Foto: Hofseth

Opptur på forelding
Hofseth International har vekse til å bli den største foredlaren  av norsk laks og aure, og eksporterer til USA, Asia og Europa. 

I fjor vart det foredla kring 46.500 tonn fisk ved verksemdene til Hofseth i Syvde, på Valderøya og i Ålesund. I løpet av fjoråret ferdigstilte Hofseth Processing ei ny produksjonslinje i Ålesund. 

Styret skriv i årsmeldinga at fordelingsverksemda gjorde det betre i fjor, enn året før. 

Svakare for oppdrett
For oppdrettsverksemda var det motsett – og resultata var svakare. Konsernet har fem oppdrettsanlegg i Storfjorden, eit smoltanlegg i Tafjord og slakteri i Ålesund. 

Konsernet hadde ingen rapporterte rømmingshendingar i heile 2024 – eller så langt i 2025, skriv styret i årsmeldinga datert 30. juni. 

Nord-Amerika største eksportmarknad
Nord-Amerika er den største eksportmarknaden for konsernet, samtidig som dei har betydeleg sal til Australia, Asia og Europa.

Medan fjoråret vart prega av høge råvareprisar og avgrensa tilbod – har det skifta i 2025. 

I år har prisane blitt redusert betydeleg som følgje av større tilbod. Det gjer at Hofseth ventar auka etterspurnad frå dei globale retail-marknadene. Styret meiner difor marknadsutsiktene for produkta deira framleis er gode. 

Har over 500 i arbeid
Konsernet endra modell frå enterprise til fleire fast tilsette i løpet av 2024. Det medfører at talet på årsverk gikk opp fra 318 til 365 i løpet av fjoråret. 

I tillegg leide konsernet inn arbeidskraft tilsvarende 299 årsverk. 

Konsernet hadde 534 tilsette i løpet av fjoråret, 60 prosent kvinner og 40 prosent menn, blir det opplyst i årsmeldinga.  

Publisert: 04.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 03.07.2025 23:59

Mer om