Salmon Evolution First smolt release March22 06
VATN FRÅ SJØEN: Salmon Evolution hentar vatn for sjøen utanfor sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Børsdagen: Amøbe-effekt på aksjekursen

Salmon Evolution må overtyde investorane om at dei taklar problema med gjellesjukdom.

09.05.2023

Ambøber som har funne vegen inn vassinntaket er hovudmistenkt i etterforskinga av kva som har utløyst gjellesjukdom hos deler av laksen hos Salmon Evolution.

Salmon Evolution driv landbasert oppdrett i Indre Harøy i Romsdal. Inntil selskapet sende ut melding om moglege sjukdomsproblem 29. april i år har produksjonen vore eit eventyr for selskapet. Det første utsettet av laks i anlegget var ferdig slakta før jul, med god kvalitet. Rask vekst og lav dødlegheit har vore historia.

Ei melding 29. april skapte imidlertid uvisse.

Historia til Atlantic Sapphire, som driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida, ligg truleg i bakhovudet også hos ein del av investorane i Salmon Evolution.

Stadig nye problem har tæra på tilliten til Atlantic Sapphire, som i dag blir handla til ein aksjekurs omlag 97 prosent under rekordnoteringa på 148,50 kroner i februar 2021.

Men selskapa har mellom anna to ulike teknologiar. Atlantic Sapphire resirkulerer vatnet, medan Salmon Evolution baserer seg på nytt vatn som blir henta inn frå sjøen rett utanfor anlegget.

Så langt har Salmon Evolution sin teknologi og metode sett overlegen ut, men etter meldinga 29. april har aksjekursen i selskapet falle kring 12 prosent.

Tysdagens sluttkurs på 6,87 kroner aksjen er også nær 40 prosent under toppnoteringa på 11,24 kroner aksjen i januar 2022.

Hovedindeksen på Oslo børs peika nedover med 0,89 prosent då dagen var slutt, etter en positiv start.

Hexagon Purus starta dagen med å legge fram tala for 1. kvartal, som viser at selskapet er nær vekstmålet på 50 prosent i løpet av året.

(saka fortsette under)

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,116 1,45 %
Sparebanken Møre 78,5 1,29 %
Hav Group 10,6 0,95 %
Salmon Evolution 6,87 0,59 %
Havila Kystruten 8 0,50 %
Havila Shipping 15,1 0,27 % |
Arctic Bioscience 11 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,2 0,00 %
Endúr 47,3 -0,23 %
Atlantic Sapphire 4,64 -2,32 %
Nortel 32 -3,03 %
Norva24 Group * 25,95 -3,31 %
Hofseth Biocare 3,19 -3,33 %
Hexagon Purus 20,3 -5,14 %
Hexagon Composites 27,92 -5,74 %
Statt Torsk 0,544 -12,26 %

Auka doser med ultrafiolett lys
Salmon Evolution sitt anlegg er bygd slik at smitte ikkje kan spreie seg frå tank til tank, men vatnet som blir henta inn frå sjøen er det same til alle tankane.

Middelet for å rense vatnet frå den frykta amøba er ultrafiolett lys. Salmon Evolution skriv i ei oppdatering mandag at selskapet mellom anna har auka dosene av ultrafiolett lys på inntaksvatnet.

Les børsmeldinga her

Med kursutvikling som målestokk er tillitstapet Salomon Evolution har fått lide, berre småtteri samanlikna med det Atlantic Sapphire har opplevd.

For Salmon Evolution er det om å gjere å kunne overbevise aksjemarknanden om at årsaka til problema med gjellesjukdom er funnen, og at mottiltaka gjer at problema ikkje dukkar opp nytt.

Publisert: 09.05.2023 13:36

Sist oppdatert: 09.05.2023 17:18

Mer om