Morten holum børsnotering 11
PÅ HOVUDLISTA: Hexagon Purus-sjef Morten Holum. Selskapet vart tidlegare i år flytta frå marknadadsplassen Euronext Growth til hovudlista på Oslo Børs.
Nytt

Hexagon Purus nær vekstmålet

Skal auke 50 prosent i år.

09.05.2023

Hexagon Purus auka driftsinntektene med 48 prosent i 1. kvartal i år, samanlikna med 1. kvartal 2022.

Målet for 2023 er ein vekst på 50 prosent, varsla selskapet både i årsrapporten og kvartalsrapporten som er offenleggjort i dag.

Investeringar i fleire folk og større produkjsonskapasiet gir framleis tresifra millionunderskot (sjå tabell), men ikkje i same takt som inntekter. Driftsunderskotet før av- og nedskriving kjem til å auke med 10 prosent, anslår Hexagon Purus.

Les børsmelding her

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Hexagon Composites, som er største aksjonær, lagar tilsvarande tankar og system for natur- og biogass. Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund, men storparten av produksjonen i utlandet.

Hexagon Purus ASA
1. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt235159
Driftsresultat-140-115
Resultat før skatt-155-119

Publisert: 09.05.2023 07:30

Sist oppdatert: 09.05.2023 07:31

Mer om