Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Eit konvertibelt lån på 32-35 millionar dollar - omlag 325-370 millionar kroner - skal finanansiere tiltak for å nå full kapasitet i første byggesteg i Atlantic Sapphire sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Miami i Florida.
Eit konvertibelt lån er eit lån som seinare kan gjerast om til aksjar.
Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse i Vestnes og hadde opphavleg storaksjonærarar frå Nordvestlandet. Ei rekkje kapitalutvidingar vatna ut deira eigardelar kraftig.
Også i fjor henta selskapet pengar for for å få gjort ferdig første byggesteg.
Selskapet har hatt ei rekkje problem med drift og utbygging, som gjer at det ligg langt etter sine opphavlege framdriftsplanar.
I år ventar Atlantic Sapphire å levere 5400 tonn sløyd og hovudkappa laks, ifølgje halvårsrapporten til selskapet.
I 2026 spår selskapet at det vil levere cirka 7000 tonn.
Deretter skal produksjonen aukast til 7500-8500 tonn i året og selskapet få eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 1-2 dollar per kilo. Når selskapet greier å få maksimalt ut av første byggesteg vil ebitda vere tre til fem dollar per kilo. Når desse resultata skal nåast er ikke tidfesta.
Ti minutt før børsen opna måndag låg Atlantic Sapphire-aksjen an til å stige frå 9,50 til 9,99 kroner.
Fasiten ved stengetid var i staden eit fall på drygt 1,5 prosent til 9,35 kroner.
Hittil i år har kursen falle 48 prosent, men har hatt ei svakt stigande tendens sidan i vår.
Hovudindeksen på Oslo børs låg tilnærma flatt med ein tilbakegang på 0,05 prosent til 1645,68 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,85 | 0,26 % |
| Atlantic Sapphire | kr 9,35 | -1,58 % |
| Endúr | kr 88,80 | 0,11 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,80 | -1,00 % |
| Hav Group | kr 7,10 | -0,84 % |
| Havila Kystruten | kr 1,28 | -1,16 % |
| Havila Shipping | kr 1,47 | 1,38 % |
| Hexagon Composites | kr 15,86 | -1,98 % |
| Hexagon Purus | kr 1,59 | -9,37 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,75 | -6,43 % |
| Tinde Sparebank | kr 123,50 | 0,42 % |
| Salmon Evolution | kr 5,20 | -1,52 % |
| Sparebanken Møre | kr 104,08 | -1,53 % |
Publisert: 01.09.2025 08:50
Sist oppdatert: 04.09.2025 08:21






