Fredag vart ein ny tøff dag for Arctic Bioscience-aksjen på Oslo børs.
Etter å ha kollapsa frå kring 13 til 3 kroner etter dårleg nytt i starten av veka, var kursen kring 2,40 kroner då fredagens handel starta.
I løpet av dagen sank den jamt og trutt til den enda på 2,02 kroner. Det er ny botnnotering og prisar selskapet til drygt 51 millionar kroner.
Bakgrunnen for utviklinga var at selskapet fekk dårleg nytt frå ein studie av eit middel mot psoriasis. Selskapet jobbar med å utvikle eit legemiddel mot hudsjukdomen, og den første store studien skal vere ferdig i vinter.
Resultata er avgjerande for den vidare vegen med å utvikle legemiddel for produksjon i Ørsta. Selskapet må gjere nok ei større studie for å kome i mål med eit godkjent legemiddel.
I ein presentasjon etter dei første resultata frå studien blei kjent, opplyste selskapet at dei ville vente med å ta ei avgjerd om å sette opp ei produksjonslinje i lokala i Hovdebygda, til dei komande resultata var klare.
I dag får Arctic Bioscience inntekter frå produksjon av kosttilskot.
Oljeprisen fall betydeleg fredag ettermiddag. Ved 17-tida var nordsjøolje på 72 dollar fatet, ned kring 2,5 prosent i løpet av dagen.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta veka med eit fall på kring 0,7 prosent til 1433,62 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Norva 24 Group* | kr 31,15 | 1,63 % |
Hofseth Biocare | kr 1,61 | 0,63 % |
Salmon Evolution | kr 6,70 | 0,60 % |
Havila Kystruten | kr 0,71 | 0,43 % |
Sparebanken Møre | kr 84,65 | 0,42 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 27,50 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr 121,52 | 0,00 % |
Havila Shipping | kr 3,35 | -0,45 % |
Endúr | kr 55,40 | -0,72 % |
Hav Group | kr 8,56 | -1,38 % |
Hexagon Purus | kr 7,63 | -1,55 % |
Hexagon Composites | kr 38,65 | -1,65 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,09 | -3,02 % |
Arctic Bioscience | kr 2,02 | -12,93 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 18.10.2024 17:19
Sist oppdatert: 18.10.2024 17:23