Saka er oppdatert med tabell for Nordvestlandet etter børsen stengte (sjå under)
Onsdag låg Atlantic Sapphire-aksjen lenge an til ein nedgang på berre ein dryg prosent, etter fleire dagar med tosifra fall.
Eit par timar før stengetid var kursen på 5 kroner blank – en nedgang på 1,28 prosent. Mot slutten av dagen tiltok fallet - og dagen enda med drygt 14 prosent i minus og ein sluttkurs på 4,34 kroner.
Selskapet som har adresse i Vestnes, har møtt på nye problem med sin landbaserte lakseoppdrett i den amerikanske delstaten Florida. Etter at kraftig fall frå rundt 16 kroner til 8-10 kroner aksjen i vår og sommar, har kursen stupt vidare dei siste dagane.
Verdifallet frå meir enn 70 kroner aksjen i fjor sommar, er enorm for selskapet som på slutten av dagen var prisa til mindre enn 500 millionar kroner.
Det andre selskapet med adresse på Nordvestlandet som driv med landbasert oppdrett, Salmon Evolution, er mellom dagens vinnarar av dei børsnoterte selskapa frå regionen.
Kursen slutta opp kring 1,3 prosent. Etter ein kursoppgang på kring ti prosent siste året, har selskapet ein børsverdi på 3,3 milliardar.
Utviklinga i eksportprisen på laks har ikkje vore gjennom like store svingingar som Atlantic Sapphire-aksjen.
Det var likevel eit historisk høgt fall i prisen på fersk laks frå mai til juni, frå meir enn 116 kroner kiloen til under 86 kroner. I vekene etterpå har prisen halde fram nedover.
Onsdag viser ferske SSB-tal at prisen på fersk laks steig med to prosent til 79,78 kroner kiloen i veke 28, samanlikna med veka før. Volumet i eksporten gjekk ned og enda på 18.421 tonn.
Etter ein dårleg start på veka, gjekk hovudindeksen på Oslo børs opp med nær ein halv prosent til 1431,74 poeng. Også oljeprisen snudde opp onsdag og låg på drygt 84 dollar fatet då børsen stengte.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Norva 24 Group* | kr 29,35 | 1,91 % |
Sparebanken Møre | kr 84,50 | 1,81 % |
Salmon Evolution | kr 7,18 | 1,27 % |
Havila Kystruten | kr 0,99 | 0,92 % |
Endúr | kr 59,00 | 0,17 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 30,50 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | kr. 109,90 | 0,00 % |
Hexagon Purus | kr 9,98 | -0,40 % |
Havila Shipping | kr 6,20 | -0,80 % |
Arctic Bioscience | kr 10,10 | -0,98 % |
Hexagon Composites | kr 30,25 | -0,98 % |
Hav Group | kr 10,25 | -2,38 % |
Hofseth Biocare | kr 2,12 | -3,64 % |
Atlantic Sapphire | kr 4,34 | -14,31 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 17.07.2024 15:00
Sist oppdatert: 17.07.2024 17:14