Kari Elin Korsnes Hilde CEO Inseanergy
FORNØGD: Inseanergy-sjef Kari Elin Korsnes Hildre. Selskapet har eit mål om å hente inn inntil 46,25 millionar kroner i ny eigenkapital. Foto: Inseanergy
Nytt

Inseanergy i mål på første etappe

Inseanergy har nådd minstemålet for kapitalutvidinga si.

28.04.2023

Inseanergy-sjef Kari Elin Korsnes Hildre var spent på responsen i marknaden før selskapet opna for si andre kapitalutviding i Folkeinvestregi onsdag 26. april.

Allereie i går ettermiddag, torsdag 27. april, var det klart at selskapet ville nå minstemålet for kapitalutvidinga, 9.997.200 kroner.

- Eg er veldig, veldig glad og fornøgd. Den er ein vanskeleg kapitalmarknad, men vi opplever veldig stor interesse, seier Korsnes Hildre til NETT NO.

Flytande solcelleanlegg
Inseanergy i Ålesund lagar flytande solcelleanlegg for oppdrettsnæringa og arbeider også med å utvikle anlegg som kombinerer solcellekraftanlegg og brenselceller som brukar hydrogen for å produsere kraft. Er hydrogenet produsert av elektrisitet frå vatn, vind eller solkraftverk er det snakk om ei energikjelde utan CO2-utslepp.

Ideen er å erstatte eller supplere kraftproduksjon frå dieselaggregat på oppdrettsanlegga, for å redusere CO2-utslepp. Inseanergy-anlegg kan og vere eit supplement til straumleveransar frå land.

30 millionar kroner
I januar 2022 var Inseanergy i mål med si første kapitalutviding i regi av Folkeinvest. Då fekk selskapet inn 30 millionar kroner, som er ei av dei største kapitalutvidingane som er gjort i Folkeinvest-regi.

Folkeinvest er eit selskap som har spesialisert seg på kapitalinnhentingar til små- og nye bedrifter, frå mange og små aksjonærar.

Teikningsperioden for kapitalutvidinga Inseanergy har gåande no sluttar 10. mai. Etter at minstmålet er passert er maks-målet 24.993.000 kroner. Det vil utgjere ein eigaandel på 21,09 prosent i Inseanergy og prisar selskapet til 118 millionar kroner.

Ei kapitalutviding til
Etter at kapitalutvidinga i Folkeinvest-regi er over er planen å hente ytterlegare kapital, men då frå investorar som også kan tilføre kunnskap og nettverk.

Med full klaff vil Inseanergy klar å hente inn til saman 46,25 millionar kroner i ny eigenkapital i vår. Den kapitalen vil å så fall eige 33 prosent av selskapet.

Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere vekst og internasjonal kommersialisering av solcelleanlegga og utvikling og kommersialisering av dei anlegga som kombinerer solcellekraft-produksjon og bruk av hydrogendrivne brenselcelleanlegg.

Publisert: 28.04.2023 08:48

Sist oppdatert: 28.04.2023 10:12

Mer om