Njål per sævik montasje havila shipping kystruten foto havila rune paulsen 11
TAP OG GEVINST: Njål og Per Sævik opplevde sjeldan store kontrastar på børsen for reiarlaget familien leiar og har eigarinteresser i. Foto: Havila/Rune Paulsen
Nytt

Børsdagen: Dagens vinnar – og tapar

Sjeldan store kontrastar for Herøy-reiarlag.

Marius Rosbach
26.09.2022

Første del av måndagen på Oslo børs peika pilane vidare ned, etter årsverste på fredag. Midt på dagen var hovudindeksen ned med om lag ein prosent.

Utover ettermiddagen henta den seg inn att - og ved stengetid hadde kursane stege med 0,46 prosent til 1.117,28.

Aksjane til to Herøy-baserte reiarlag gjorde seg utmerka i kvar sin ende av skalaen på det tidspunktet.

Havila Kystruten var allereie midt på dagen opp med 12,19 prosent til nær 18 kroner aksjen. Selskapet hadde framleis 5. størst verdiauke i løpet av dagen då børsen stengte.

Kursen slutta opp 10,62 prosent på 17,70 kroner. Det er å verdt å merke seg at oppgangen skjer på lite volum.

Havila Shipping-reiarlaget hadde motsett utvikling. Litt etter klokk 15 var aksjen ned meir enn 11 prosent til 7,30 kroner.

Som NETT NO omtala før helga, har oljeservicereiarlaget frå Herøy fått hardt medfart og meir enn halvert børsverdien siste månad.

Den siste timen henta aksjen seg inn i fallet vart på 4,47 prosent då handelen slutta. Sluttkursen vart 7,90 kroner.

Også Havyard Group-aksjen hadde ei pen utvikling måndag. Ein drygt time før stengetid var aksjen opp 9,68 prosent til 3,4 kroner.

Deretter skaut aksjen fart og enda dagen med ei auke på heile 13,55 prosent til 3,52 kroner.

Arctic Bioscience enda som den største taparen av selskapa frå Nordvestlandet. Aksjekursen til Ørsta-selskapet fall med 6,85 prosent til en slutt kurs på 11,55 kroner.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring
Havyard Group 3,52 13,55 %
Havila Kystruten 17,7 10,62 %
Hexagon Purus 19,48 6,22 %
Hexagon Composites 24,02 4,07 %
Golden Energy Offshore Services 1,95 2,63 %
Sparebanken Møre 71 0,03 %
Hav Group 10,86 0,00 %
Nortel 20 0,00 %
Salmon Evolution 8,09 -0,49 %
Endúr 22 -1,35 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 31,04 -1,48 %
Hofseth Biocare 3,37 -2,03 %
Statt Torsk 2,17 -2,25 %
Atlantic Sapphire 11,06 -3,32 %
Havila Shipping 7,9 -4,47 % |
Arctic Bioscience 11,55 -6,85 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 26.09.2022 15:30

Sist oppdatert: 26.09.2022 16:53

Mer om