Børsdagen: Dobbel skrell for Havila
Kursane peiker ned for både Kystruten- og offshorereiarlaget.
Havila Shipping og Havila Kystruten var dei største børstaparane frå Nordvestlandet torsdag.
Ved 14-tida var begge aksjane ned over 13 prosent. Begge steig litt mot slutten av dagen. Havila Kystruten enda 11,35 prosent ned, medan Havila Shipping fall med 9,55 prosent.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Reaksjonane frå investorane kjem etter at begge selskapa dei siste dagane har lagt fram rapportar for fjerde kvartal 2023.
I rapportane kjem delar av svaret på kvar ein del av dei pengane som Havila-selskapa har fått inn frå Fjord1-salet, tek vegen.
Havila Kystruten hadde eit dyrt startår og gjekk med meir enn 800 millionar i minus i fjor. I rapporten kom det også fram at Havila Holding har refinansiert eit lån på 50 millionar euro, eller kring 570 millionar kroner. Saman med ein trekkfasilitet på 200 millionar, skal det gi reiarlaget handlingsrom framover.
Havila Shipping leverte eit årsresultat i minus før skatt, men viser til positive teikn som høgare ratar for PSV- og subseasegmenta.
Det har tydeleg ikkje vore nok til å overtyde investorane. I rapporten tysdag, kom det også fram at ei kraftig utvatning kan vere på trappane i reiarlaget. Resultatet kan vere at Havila Holding og långivarane kan eige 98 prosent av selskapet ved årsskiftet, ved at renteberande gjeld blir gjort om til aksjar.
Rett etter stengetid kom lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire med ei overrasking saman med operasjonsrapport for fjerde kvartal 2023.
Selskapet som satsar på landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida, vil hente inn 370 millionar i ei kapitaltutviding før fredag morgon.
Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 0,18 prosent til 1.266,11 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus | kr 7,16 | 3,47 % |
Arctic Bioscience | kr 9,80 | 3,16 % |
Salmon Evolution | kr 6,47 | 0,31 % |
Sparebanken Møre | kr 87,19 | 0,22 % |
Statt Torsk | kr 0,53 | 0,00 % |
Endúr | kr 38,50 | -1,03 % |
Hofseth Biocare | kr 2,35 | -1,26 % |
Norva 24 Group* | 25,35 kr | -1,93 % |
Hexagon Composites | kr 21,94 | -2,23 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,54 | -2,28 % |
Hav Group | kr 11,00 | -2,65 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,44 | -2,70 % |
Havila Shipping | kr 3,98 | -9,55 % |
Havila Kystruten | kr 0,75 | -11,35 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 29.02.2024 14:41
Sist oppdatert: 29.02.2024 17:18