Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
OPPTUR PÅ BØRS: Både Havila Shipping-sjef Njål Sævik og Golden Energy-sjef Per IVar Fagervoll hadde grunn til å vere nøgd med børsutviklinga tysdag. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Fekk selskap på vinnarlista

Havila dagens vinnar – igjen. Ålesund-reiarlag følgjer tett etter.

Marius Rosbach
31.05.2022

Oppturen på børsen held fram for Havila Shipping, som tysdag på nytt var dagens vinnar på Oslo børs. Aksjekursen auka med nye 26,87 prosent til 18.32 kroner per aksje.

Kursauken har kome i kjølvatnet av kvartalsrapporten førre veke, men utan det at har vore spesielle meldingar frå selskapet dei siste dagane.

Aksjeverdien er no den høgste sidan sommaren 2017 og verdsett selskapet til 435 millionar kroner.

Sjølv om kursauken er gledeleg sett frå Herøy-reiarlaget og aksjonærane si side er det verdt å minne om at det framleis er langt opp til nivået då offshorekrisa starta i 2014, som var på 614 kroner aksjen.

Golden Energy Offshore Services fekk også ein solid opptur på Oslo børs tysdag. Ein oppgang på 10,58 prosent til 2,30 kroner aksjen, prisar selskapet til 117 millioner kroner.

Årsrapporten for 2021 frå Ålesund-reiarlaget blei lagt fram før handelen starta. Den viste lysare framtidsutsikter og at tapa var kraftig redusert.

Også Hav Group la fram tal tysdag og marknaden reagerte med å sende aksjekursen ned med 10,18 prosent til 15 kroner aksjen.

Oppgangen til oljeservicereiarlaga kom samtidig som oljeprisen gjekk ned tysdag. Då handelen slutta ved Oslo børs var eit fat nordsjøolje falle med drygt to prosent – til 119 dollar.

Elles tysdag var det ingen av dei andre selskapa frå Nordvestlandet som utmerka seg på vinnar- og taparlista. Hexagon Purus hadde dagens største fall elles av selskapa i nordvest med ein nedgang på 4,44 prosent til 31,42 kroner aksjen.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 0,92 prosent tysdag.

Sjå tabell for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 18,32 26,87 %
Golden Energy Offshore Services 2,3 10,58 %
Atlantic Sapphire 26,36 5,44 %
Nortel 17,9 2,87 %
Hofseth Biocare 3,86 2,65 %
Havila Kystruten 19,25 2,39 %
Salmon Evolution 8,75 1,27 %
Statt Torsk 2,47 0,80 %
Sparebanken Møre 79,05 0,05 %
Hexagon Composites 34,08 -1,16 %
Smartcraft 15,4 -1,28 %
Endúr 0,553 -2,98 %
Arctic Bioscience 15,5 -3,13 %
Havyard Group 8,7 -3,33 %
Hexagon Purus 31,42 -4,44 %
Hav Group 15 -10,18 %

Publisert: 31.05.2022 16:39

Sist oppdatert: 31.05.2022 17:06

Mer om